Elevar fekk makulert eksamensvar

Sju elevar ved Skien vidaregåande skole har fått makulert delar av svara dei leverte inn på eksamen.

Makulerte eksamensvar

MAKULERTE EKSAMEN: Ein menneskeleg svikt førte til at Skien vidaregåande skole makulerte eksamensvar for sju elevar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Konstituert rektor ved Skien vidaregåande skole, Torgeir Berstad forklarar kva som har skjedd.

– Det er nokre oppgåver som har blitt borte. Det er ein del av ein todelt eksamen, der den delen som er gitt lokalt og sensurert lokalt er blitt borte.

Han fortel at delen som er gjennomført digitalt er sendt vidare til sensorar.

– Det er ein menneskeleg svikt.

Det er Varden som først omtalte saka.

Kan få tilbod om ny eksamen

Torgeir Berstad, rektor Skien videregående skole

Rektor ved Skien vidaregåande skole, Torgeir Berstad er flau over det som har skjedd.

Foto: Anne Lognvik / NRK

For elevane betyr dette at dei får eit vitnemål på lik linje med dei andre elevane, men med ein merknad om at dei manglar eksamenskarakter i det faget der feilen har skjedd.

– Dei elevane som meiner dei har noko å hente får tilbod om å ta denne eksamen på nytt, seier Berstad.

For rektoren er det lite hyggeleg å få fokus på slike feil før det er avslutningsfest for elevar og lærarar.

Vurderer tilsyn hos fylkeskommunen

Utdanningsdirektør Solrun Nistad Fleischer

Utdanningsdirektør Solrun Nistad Fleischer seier det er reglar for å handtere slike situasjonar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er trist og leit og det skal ikkje skje, seier utdanningsdirektør Solrun Nistad Fleischer.

Utdanningsdirektøren har rettleia Telemark fylkeskommune og skolen i korleis dei skal handtere situasjonen.

– Vi vurderer også om vi skal følge opp med eit tilsyn for å sjå om Telemark fylkeskommune har gode nok rutinar for avvikling av eksamen.

Utdanningsdirektøren seier det ikkje er lett å gardere seg mot menneskelege feil.

– Difor har opplæringslova reglar for korleis slike situasjonar skal bli handtert, seier Nistad Fleischer.

Må få tilbod om ny eksamen

Babak Siami, Elevorganisasjonen Telemark

Fylkesleiar i Elevorganisasjonen, Babak Siami, meiner elevane må få ta ny eksamen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Fylkesleiar i Elevorganisasjonen, Babak Siami, meiner det hjelper lite at rektor og utdanningsdirektøren seier seg leie for det som er skjedd.

– Det kjem ikkje til å rette opp problemet eller gjere det noko betre.

Siami håpar elevane det gjeld får tilbod om å ta eksamen på nytt.

– Viss ikkje må dei kunne ta eksamen som privatist på nytt på skolen si rekning. Det er det minst dei kan gjere.

Han reknar med at skolen nå skjerpar inn på rutinane. Babak Siami har ikkje snakka med elevane dette gjeld, men trur dei kjenner seg frustrerte.

Har fått lite informasjon

– Eksamenskarakteren dei mistar kan vere avgjerande for om dei kjem inn på det studiet dei ønskjer. Dette er framtida til desse sju individa, og då er det ikkje greitt at ei slik tabbe råkar dei.

Siami synest skolen har gitt lite informasjon om det som har skjedd.

– Men viss elevane får ein ny sjanse til å ta eksamen, og skolen skjerpar rutinane så synest eg dei gjer det bra.

Leiaren i Elevorganisasjonen meiner elevane må få levere svara til eksamen både skriftleg og digitalt for å unngå slike tabbar.