Hopp til innhold

Krog sine OL-medaljer hamnar på museum

MORGEDAL (NRK): Norsk Skieventyr vil lage utstilling over alle OL- og VM-deltakarar frå Telemark. OL-vinnar Magnus Krog vil gjerne bidra.

Magnus Krog

Magnus Krog frå Høydalsmo vant bronse i kombinert i OL i Sotsji og gull i lagkonkurransen i år.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Utstillinga skal opne til VM i Falun i februar neste år. Og no trenger Norsk Skieventyr hjelp av OL- og VM-deltakarar, slekt og venner til å finne fram deltakarar, medaljar, utstyr og klede.

Magnus Krog frå Høydalsmo vant bronse i kombinert i OL i Sotsji og gull i lagkonkurransen i år.

Han synest dette er ein god ide, og låner gjerne ut medaljar og utstyr han bruka i Sotsji.

– Det synest eg er kjempemoro, og eigentleg på sin plass, seier Krog.

Han har tenkt over kva han skulle gjere med medaljane etter OL. Og det første han tenkte på var Norsk Skieventyr i Morgedal.

Rjukan og Tinn dominerte

Tarjei Gjelstad, Norsk Skieventyr

Norsk Skieventyr vil vise utviklinga i utstyr og medaljer frå det først vinter-OL og fram til i dag.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Tarjei Gjelstad ved Norsk Skieventyr fortel at telemarkingane deltok i det første OL i Chamonix i Frankrike i 1924, og det første VM i 1926 i Lahti i Finland.

– Det er litt forskjellige namn som ein finn fram når ein leitar. Men dei første som dukkar opp er kanskje ikkje så kjente, seier Gjelstad.

Rjukan og Tinn dominerte blant deltakarane i OL og VM i starten.

– Vi ser også at Rjukan har gode alpinistar på 50 og 60-talet, både for kvinner og menn, seier Gjelstad.

Fekk medalje 50 år etter

Anders Olsen Haugen frå Bø, emigrerte til Milwaukee i 1909, og representerte USA i det første vinter-OL i 1924, der han fekk 4. plass i hopp etter Thorleif Haug.

– Mange år seinare blei det oppdaga ein reknefeil, og at Haugen skulle hatt 3. plassen, fortel Gjelstad.

Og 50 år etter vinterleikane i Chamonix fekk Anders Haugen si rettmessige bronsemedalje i 1974 under ein seremoni i Oslo.

– Haugen vann fire nasjonale meisterskap i USA, og sette tre nasjonale rekordar for lengste hopp. Den siste var på 214 feet, ein rekord som stod i 12 år, seier Gjelstad.

Norsk Skieventyr

Tarjei Gjelstad med foto av Anders Haugen frå Bø i svevet i det første vinter-OL i Chamonix i 1924.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Vil kome i kontakt med slekt

Arbeidet med å finne fram til dei som deltok er alt i gang. Og Tarjei Gjelstad vil gjerne ha kontakt med slekt og venner av dei som var med i dei første vinterleikane.

– Vi gjerne vil vise utviklinga av medaljar. Frå den første i 1924 til den Magnus Krog tok i 2014, seier Gjelstad.

Men Norsk Skieventyr vil også gjerne kunne viser utviklinga av utstyr, gamle bilete og fortelje gode historier kring OL- og VM-deltakarane frå Telemark.

– Det er særleg slekt og etterkomarar etter dei eldste deltakarane vi vil kome i kontakt med, seier Gjelstad.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark