Hopp til innhold

Må ta imot fleire flyktningar

Telemark er det nærmaste tre åra bedne om å ta imot 1510 flyktningar, og til saman har kommunane i Telemark vedtatt og ta imot 1002 flyktningar.

Syria Libanon flyktninger

Flyktningar frå Syria i ein flyktningleir i Libanon.

Foto: HASSAN ABDALLAH / Reuters

Notodden er ein av få kommunar i Telemark som har vedtatt å følge oppmodinga frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og Kommunesektorens organisasjon om å ta imot flyktningar dei neste tre åra.

Notodden vil ta imot 45 flyktningar dei neste tre åra.

Sa nei til asylmottak

Jørn Christensen

Ordførar Jørn Christensen skal ta i mot 45 flyktningar.

Foto: David Krekling / NRK

Ordførar på Notodden Jørn Christensen seier det var diskusjon rundt vedtaket og at det er lite sannsynleg at dei vil ta imot fleire flyktningar enn det dei alt har vedtatt.

– Det trur eg blir vanskeleg, seier Christensen.

Han seier at det i debatten i kommunestyret kom opp spørsmål om eit desentralisert asylmottak, i tillegg til dei 45 flyktningane kommunen skal ta i mot.

– I tillegg til dei 45 kjem det truleg også familiegjenforening, seier Christensen.

Difor sa kommunestyret nei til ei asylmottak i kommunen, fordi kommunen ikkje vil klare å handtere meir enn det politikarane har sagt ja til.