Hopp til innhold

Vellukka reinsdyrjakt på overtid

Det blir felt fleire reinsdyr på Hardangervidda etter at jakta blei forlenga.

Villrein

Hardangervidda villreinutval har som mål å felle mellom 2000 og 2500 reinsdyr under villreinjakta.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

For å hindre at vinterstamma av villrein på Hardangervidda blir for stor, har viltstyresmaktene utvida jakta til den 12. oktober.

Les også:

Svein Erik Lund, sekretær i Hardangervidda villreinutval, seier det er fødd 3000 reinsdyrkalvar i sommar.

– Eg håpar det også blir mogleg å redusere talet på simler, slik at det blir født færre kalvar neste år, seier Lunde.

Målet er at det skal bli født mellom 2000 og 2500 reinsdyrkalvar i året. Og at det skal vere om lag 11.000 reinsdyr på Hardangervidda.

Les også:

Reinsdyra går vestover

Lund meiner det framleis er mogleg å nå målet om å felle 2.500 reinsdyr under villreinjakta på Hardangervidda.

– Eg trur det. Viss det ikkje blir mykje dårleg ver dei neste fjorten dagane, så trur eg det er mogleg, seier Svein Erik Lund i Hardangervidda villreinutval.

Tidleg i jakta stod dyra samla i Tinn og Nore Uvdal, men nå har reinen trekt inn i Vinje og Hordaland.

– Vi har fått eit vêrskifte med litt meir nordvestleg vind, og det førte til at villreinen har flytta på seg, seier Lund.

No skal reinen kome over til Eidfjord og Ullensvang i Hordaland, og det betyr at det blir felt ein del dyr i desse områda.

Les også: