Hopp til innhold

Må forsterke bruer for tung tømmertransport

Enkelte bruer på fylkesvegane i Telemark må forsterkast før dei kan bli opna for tyngre vogntogtrafikk.

Tømmertransporten øker i Opplandsskogen

Fylkesvegane i Telemark må forsterkast for å tåle tyngre tømmerbilar.

Foto: Frank Ludvigsen, FRANK LUDVIGSEN

Det er regjeringa som vurderer å tillate høgare totalvekt på tømmervogntog frå 56 til 60 tonn.

Næringspolitisk sjef i AT Skog, Simon Torsdal, seier det er positivt for næringa at lastevekta aukast.

– Men tyngre vogntog vil få utfordringar på nokre eldre bruer, og på lengre bruer der heile vogntoget må ut på brua, seier Torsdal.

Regjeringa sette nyleg av 10 millionar kroner på landsbasis som skal brukast til å rekne ut tåleevna for tømmertransportør på fylkesvegnettet.

Vil prioritere to bruer

Trygve Stien i Statens vegvesen seier lengre og tyngre tømmervogntog ikkje nødvendigvis betyr høgare akseltrykk og belastning på vegane.

Men han bekreftar at enkelte bruer må forsterkast.

– Det gjeld særleg Flittig bru mot Luksefjell, viss vi har pengar til det, og Solberg bru på fylkesveg 109 mellom Lunde og Drangedal, seier Stien.

Det er opp til fylkeskommunen å prioritere, og når desse bruene blir forsterka er uvisst.