Hopp til innhold

Må flytte frå bestevenen

PORSGRUNN (NRK): Rebar og familien vert tvangsflytta for femte gong. Dette er kvardagen til mange flyktningar når asylmottak vert lagt ned over heile landet.

Fredrik Hermanrud og Rebar Kheiro

FOTBALLGUTAR: Fredrik Hermanrud og Rebar Kheiro har vorte gode vener. Rebar tykkjer det er trist at han må flytte frå Porsgrunn og bestevenen.

Foto: Carina Pevik / NRK

I ein hage i Porsgrunn spring to små gutar rundt å spelar fotball på plenen. Dei er begge kledd i blå drakter som representerer det lokale fotballaget. Fotball er gutane sin store felles interesse. Noko som har gjort at Rebar og Fredrik no er gode vener.

– Han er bestevenen min, seier Rebar Kheiro. Men han smiler ikkje når han seier det.

Rebar skal nemleg flytte i dag, og da er det slutt på å spele fotball med bestevenen. Ungguten og familien flyttar heller ikkje av fri vilje. Det er UDI som har bestemt at dei må flytte frå Porsgrunn til Larvik, fordi asylmottaket dei no bur i skal leggjast ned.

Familien Kheiro er ein av mange som har kome til Noreg dei siste åra som flyktningar. Sjølv er dei kurdarar og overlevde massakren i Sinjar-fjella i 2014. Heile familien kom ikkje fram til Noreg.

Les også: UDI splitter familie

rådgjevar i NOAS, Siril Berglund.

Siril Berglund i NOAS er uroleg over at asylsøkarar vert tvangsflytta.

Flytta for femte gong

Når familien no vert tvangsflytta til Larvik, er det femte gong på eitt og eit halvt år. Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) erfarer at talet på tvangsflyttingar av asylsøkarar er aukande. Førebels er 64 mottak lagt ned i Noreg i år opplyser UDI.

– Me er urolege for konsekvensane av dette. Spesielt med tanke på barna som går i barnehage og skule, seier rådgjevar i NOAS, Siril Berglund.

regiondirektør i UDI sør, Tormod Stavenes.

Regiondirektør i UDI sør, Tormod Stavenes, seier økonomien er viktig når ein bestemmer kor det skal liggje asylmottak.

UDI deler også bekymringa for barna.

– Det er klart at dette er uheldig for alle, spesielt for barna, seier regiondirektør i UDI sør, Tormod Stavenes.

Men når det kjem til stykket er nedlegging av asylmottak og tvangsflytting eit spørsmål om pengar.

– Det er viktig for oss å tenke økonomisk når me bestemmer kva asylmottak som får nye kontraktar. Det er ein del av ansvaret vårt som samfunnsinstitusjon, seier Stavenes.

UDI kan ikkje love at familien Kheiro får slå seg til ro når dei kjem til Larvik. Dei kan nemleg ikkje sjå bort ifrå at familien vert tvangsflytta nok ein gong i framtida.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark