Hopp til innhold

Dramatisk øving for å redde liv

LUNDE (NRK): Beredskapssenteret på Sagamoen i Lunde kan bli eit treningssenter for heile sør-øst politidistrikt.

Div bilder av politi og brann og helse jobbe sammen. I hus på buss og ute

DRAMATISK: Politi, brannkorps og ambulanse øvde på dramatiske situasjonar ved treningssenteret på Sagamoen i Lunde.

Det sa politimeister Christine Fossen da ho besøkte senteret saman med Justisminister Anders Anundsen i dag.

Ved senteret trenar naudetatane saman for å bli betre til å samarbeide under kritiske hendingar.

Då justisministeren var på besøk trente naudetatar på tre forskjellige scenario. Justisminister Anders Anundsen fekk sjå korleis senteret i Lunde blir brukt til sam-øvingar.

Beredskapsøvelse Lunde, Telemark

Det var ei dramatisk øving justisminister Anders Anundsen fekk følgje på nært hald.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Må øve for å redde liv

Det såg dramatisk ut då ein væpna person hadde skadd to personar med kniv og politiet måtte rykke inn i huset for å tatt gjerningsmannen.

Justisministeren følgde dramaet på nært hald.

– Det var eit dramatisk scenario, og derfor er det viktig å få øve på det. Den samøvinga som skjer her viser det nye konseptet som gjer at naudetatane jobbar saman på ein annan måte enn før. Og det er mykje betre enn det har vore tidlegare, sa Anundsen.

For å redde liv rykker brann og redning inn i skarpe situasjonar mykje raskare enn tidlegare.

– Det er veldig kritiske situasjonar som det blir øvd på her. Og du får eit stressnivå som er veldig realistisk, sa Anundsen.

Justisminister Anders Anundsen i Lunde

Justisminister Anders Anundsen frå Frp saman med partikollegaer Gry Anette Rekanes Amundsen og Knut Morten Johansen.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Gull verdt for naudetatane

Christine Fossen

Politimeister Christine Fossen.

Foto: Politiet

Også den nye politimeisteren i Sør-Øst politidistrikt, Christine Fossen følgde med på øvinga.

– Eit samvirke mellom dei tre naudetatane trur eg er heilt vesentleg for at vi skal klare å utføre oppgåvene våre på åstaden, seier Fossen.

Kai Lingren, avdelingsleiar i brannvesenet i Midt-Telemark meiner øvingssenteret i Lunde er gull verdt for brannkorps, ambulanse og politi.

– Dette er utruleg viktig for brannvesenet å øve på. Det kjem vi til å kome ut for, og det vil bli fleire og fleire i Norge, seier Lingren.