Hopp til innhold

Denne boksen sparer deg for arbeid

PORSGRUNN (NRK): Er du lei av å lagre bunadssølvet ditt i zip-plastposar? I så fall kan ei løysing på problemet vera nærare enn du trur. Ei lita gründerbedrift i Porsgrunn har utvikla noko som dei definerer som ein verdsnyheit.

BUNADSSØLVBOKS I plast og porselen

Vakre og praktiske må dei vera.

Dei tre kollegaene miste alle saman ein god jobb då mykje av produksjonen på Porsgrund Porselænsfabrik i Telemark vart lagt ned.

Bunadssølv må til for at bunaden skal vera komplett

Bunadssølvet skal vera blant og fint, ikkje svart og flekkete.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Bjørg Lia Roligheten, Trond Hansen og Mona Mandal kunne jakta på ein ny og trygg jobb, men dei snakka saman og fann ut at dei hadde lyst til å bruke kunnskapen sin til å starte ei ny bedrift. Alle visste at dei måtte skaffe seg inntekter, og at det var mange utfordringar for viss dei skulle lykkast med å skaffe eit levegrunnlag.

Les også: 17. mai – verdens beste dag!

17. mai kom for fort

Ideen kom nokså tilfeldig. 17. mai for to år sidan stod Mona Mandal og pakka ut bunadssølvet i det ho og familien drog på seg bunadene. Søljer og knappar var lagra i zip-plastposar. Enkelte burde vore pussa, men det var det ikkje tid til.

Det må då vera råd å finne ein betre måte å lagre sølvet på, tenkte ho.

Bunader utan sølv, er som kake utan pynt.

Bunader utan sølv, er som kake utan pynt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Og tok opp problemstillinga med dei to andre. Dermed var idedrodlinga i gang. Av Innovasjon Norge og Vekst i Grenland fekk dei støtte til å utvikle ein lufttett boks som ligg inne i ein porselensboks med dekor.

Les også: Hvordan vaske bunadskjorta?

Etterlengta bunadssølvboks

Kjersti Lyngestad hjå Norsk Flid i Skien meiner den nye oppfinninga er gjer det lettare å oppbevare bunadssølvet slik at det ikkje blir mørkt og stygt.

Kjersti Lyngestad, Norsk Flid i Skien

Kjersti Lyngstad på Norsk Flid i Skien synest den nye bunadssølvboksen er veldig bra, og trur at mange vil erstatte plastposane med ein lufttett boks.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Plastboksen er også lett å ta med seg på reise, og porselensboksen gjer at det blir ein fin pyntegjenstand. Då NRK er på besøk i butikken, er Lyngstad utselt for bunadssølvboksar.

Les også: – En lengsel etter identitet

Bunadsmotiv frå heile landet

Trond Hansen brukar sine kunnskapar frå Porsgrund Porselænsfabrik til å designe porselensboksane. Det har vore ein utfordrande jobb. Plastboksane blir produsert i Noreg, mens porselensboksane blir laga i Tyskland.

Kan de få eit levebrød av dette?

Det er håpet, og me trur me skal kunne klare det, men det er krevjande. Det blir lange dagar. Me har reist rundt til store delar av landet og vist fram boksen, og etterspurnaden er stor og veksande. Seier dei tre gründerane i Telerosa A/S. Dei gler seg til 17. mai.

Glade gründerar Mona Mandal, Trond Hansen, Bjørg Lia Roligheten håpar å leve av å lage boksar

Glade gründerar Mona Mandal, Trond Hansen, Bjørg Lia Roligheten håpar å leve av å lage bunadssølvboksar.

Foto: Anne Lognvik / NRK