NRK Meny
Normal

Fekk ubehaglege tekstmeldingar

Lene Vågslid fekk som fersk stortingsrepresentant ubehagelege tekstmeldingar frå ein ukjent mann og måtte be tryggingstenesta om hjelp for å bli kvitt ein forfølgjar.

Lene Vågslid

Lene Vågslid sit i justiskomiteen på Stortinget og meiner det er nødvendig med ei ny lov for å kunne straffe personar som forfølger andre.

Foto: Anne Lognvik

Stortingsrepresentant for Telemark Arbeidarparti, Lene Vågslid stod før helga fram i A-magasinet og fortalde at ho hadde opplevd å bli forfølgt av ein mann som trudde han var kjærasten hennar.

Les også:

Lene Vågslid sit i justiskomiteen og var med på å foreslå ei lov som skal straffe den som forfølger eller krenker ein annens fred med bot eller fengsel inntil to år.

Nå er det over eitt år sidan høyringsfristen gjekk ut, og Vågslid meiner Stortinget må få saka til behandling.

– Det har over fleire år vist seg å vere vanskeleg å straffe dei som forfølger andre med det lovverket som vi har i dag, seier Vågslid.

Ho viser til at enkelte delar av forfølginga er straffbart, slik som vals, trugsmål og trakassering.

Både Danmark, Sverige, Storbritannia og Nederland har ei slik lov.

Har fleire klientar

Ho seier at verken domstolane eller politiet har ein sjanse til å straffe systematisk forfølging.

– Det er bakgrunn for at den raudgrøne regjeringa foreslo ei ny lov mot forfølging, eller såkalla "stalking", seier Vågslid.

Stortingsrepresentant Lene Vågslid (Ap)
Foto: Stortinget

Ho fortel at JURK, som er juridisk rådgiving for kvinner, har fleire klientar som har vore utsett for forfølging.

– Dei fortel at nettopp manglar i lovverket gjer det vanskeleg å føre slike saker for rettsapparatet, seier Vågslid.

Det finst ikkje konkrete tal for kor mange som opplever å bli forfølgd i Noreg, men Vågslid viser til tal frå Sverige der 100.000 personar opplever å bli forfølgd i løpet av eit år.

Opplevde å bli forfølgd

Stortingsrepresentanten har sjølv opplevd kor ubehagelege det er å bli forfølgd. I starten av hennar valperiode på Stortinget opplevde ho å få veldig mange tekstmeldingar frå ein ukjent mann.

– Han var veldig pågåande, og ville ikkje gje seg.

Då gjorde Lene Vågslid som mange andre stortingsrepresentantar gjer, ho tok kontakt med tryggingstenesta på Stortinget for å få hjelp til å få slutt på det.

– Og i mitt tilfelle gjekk det bra, seier Vågslid.

Nødvendig med ny lov

Men stortingsrepresentanten fortel om andre som har opplevd verre ting, og som har blitt systematisk person forfølging over fleire år.

– Nokon må flytte frå heimen sin eller blir sjukemeldt frå jobben på grunn av ein ekspartnar eller ein ukjent person som utset dei for grov personførfølging.

Difor meiner ho det er nødvendig å endre lovverket for å kunne straffe dei som utset andre for dette.

– I dag blir desse dømt til besøksforbod, men det er uspesifikt og mange respekterer ikkje dette. Lova vil styrke det strafferettslege vernet mot dei som øydelegg liva til mange, seier Vågslid.

  • Ny kretsansvarleg

    Steinar Pedersen er tilsett som ny kretsansvarleg i fotballen i Telemark. Det skriv TA. Sørlendingen overtek etter Erik Holtan som sa opp i oktober etter åtte år i jobben. Hovudoppgåva til kretsansvarleg er å følge opp spelarar frå 12 til 16 år.

  • Fossli støttar forhandlingar

    Leiar av Telemark Venstre, Torgeir Fossli, meiner det er riktig av Venstre å gå i regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp. I helga vart det klart at Venstre vil gå i forhandlingar, og mange i partiet er skeptiske.

    Torgeir Fossli
    Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK
  • Kontroll på brannen i Kragerø

    Politi og brannvesen har kontroll på staden. Ein person blir sjekka for røyk. Årsaka til brannen er foreløpig ukjend.