Det seier leiar i krisegruppa i Kviteseid kommune, sogneprest Kjell Arne Norum.

Kjell Arne Norum er sokneprest i Kviteseid, og leiar i krisegruppa i kommunen. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen
Han meiner episoden må få eit etterspel, i det minste ein gjennomgang av rutiner og heile opplegget på institusjonen der dei to ungdommane budde.
Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, seier han ikkje har vurdert å be om eit møte med leiinga i barnevernsinstitusjonen, Team Åmli.
Dei to ungdommane som var involvert i skotdramaet i Vrådal og i Seljord måndagl morgon, kom frå denne barnevernsinstitusjonen.
Har ikkje innkalla til møte
Tveito seier han likevel kan forstå at bygdefolk er engstelege og redde etter det som har skjedd.
- Det er uhyggeleg at dette kjem heilt inn på dørterskelen til oss som bur her i utkantane. Dette er slikt som vi berre høyrer om frå sentrale strok, seier Tveito.
Han seier at kommunen så langt ikkje har fått klager på barnevernsinstitusjonen i Vrådal, og at han reknar skytedramaet som ei sak for politiet.
- Vi har enno ikkje vurdert om det er aktuelt å innkalle til eit møte med Team Åmli, seier Tveito.

Leiar i krisegruppa i Kviteseid meiner skytinga på campingplassen må få eit etterspel. Foto: Børre Karterudseter