Hopp til innhold

Førjulstida er travel for lokalmatprodusentane

DRANGEDAL (NRK): Mange vil gjerne ha lokalprodusert julemat på bordet under høgtida, og førebuingane til jula har starta for lenge sidan.

Løyte gård

På Løyte gard har Jørgen Løyte og Monica Gullaksen innreia eit lite landhandleri med masse forskjellig lokalprodusert mat.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Løyte gard i Drangedal er ei familiebedrift som sel produkta sine i eit lite landhandleri på garden.

– Her er det masse godt, seier Monica Gullaksen ved Løyte Gård.

Les også:

I låven på garden i Drangedal har sambuar og odelsgut Jørgen Løyte innreia eit lite landhandleri der dei sel eigne produkt frå garden og lokalprodusert mat frå andre lokalprodusentar i bygda. Og nå før jul må familien stå på litt ekstra.

– Det er den travlaste tida i året. Alle vil ha julematen så tett opp mot jul som mogleg, seier Gullaksen.

Løyte gård

På Løyte gard blir pinnekjøtet laga på gamle måten av eigne lam.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Landhandleriet byr på ferske gardsegg, sylte, lammerull, pinnekjøt og mykje meir i kjølediskane. Her blir du ekspedert over disk, og kan sette deg ned og ta ein kopp med kaffi.

Må følgje med heile tida

På låven har Jørgen Løyte innreia eit eige tørkerom for kjøtt. Her er tak og veggar dekt med pinnekjøt, skinker og rull som skal bli julemat.

– Her er det mykje julemat. Spekeskinke og fenalår lagar vi heile året, men pinnekjøtet skal ut nå før jul, seier Løyte.

Og på Løyte gard lagar dei pinnekjøtet på gamlemåten av lam frå eigen gard.

– Eg må følgje med heile tida. Det skal tørke, men ikkje for fort og ikkje for seint, seier Løyte.

Lokalprodusert mat kostar gjerne litt meir enn det du får kjøpt i butikken. Monica Gullaksen fortel at dei forsøker å ikkje legge seg for høgt i pris.

Løyte gård

Olav Løyte skjærer bacon av gris frå Løyte gard.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Men vi har kontakten med dyra heile vegen, og føler vi kan forsvare kvaliteten og prisen.

Tørrsalta og røyka på gamle måten

Heile familien er engasjert i matproduksjonen på garden. Grisane går heime på garden og blir blant anna fôra med eple. Sauene går på fjellbeite i Fyresdal.

Mor Wenke Løyte vakuumpakkar bacon, mens far Olav Løyte står ved skjeremaskina og skjærer bacon.

– Det er tørrsalta og røyka på gamlemåten her på garden, seier Løyte.

Og Olav Løyte meiner det smakar betre og har ein annan struktur på kjøtet enn det du får kjøpt i butikken.

– Dei grisane som går ute får ein heilt annan struktur, og tørrsalting og røyking gjer susen, seier Løyte.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark