SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Lagmannsretten bruka ein time på å behandle spørsmålet om forsvaret skulle få legge fram ein løgndetektortest som Gamal Hosein har fått utført i Sverige i lag med professor Sven Svebak frå NTNU i Trondheim.
Sven Svebak gjennomfører løgntest. Foto: NTNU Info/Rune Petter Ness
I denne timen fekk både forsvarar John Christian Elden, og aktor Paal Christian Aartun kome med sine argument for og mot at ein slik løgntest skal bli lagt fram i ein norsk rett.
Kan skape rettshistorie
Elden viste blant anna til menneskerettskommisjonen når han ba om at løgntesten skulle bli lagt fram i lagmannsretten.
Medan aktor Aartun grunngav sin motstand med at ein løgntest vil bryte med personvernet.
Etter dette trekte dommar Arne Christiansen og dei to lagdommarane seg tilbake for å vurdere argumenta. Men kva dei kom fram til får vi først vite i morgo når lagmannsretten blir samla klokka ni.
Det vil vere veldig oppsiktsvekkande, og det vil skape rettshistorie, dersom ein løgntest blir godkjent som bevis i lagmannsretten.
Forsvarar John Christian Elden legg då heller ikkje skjul på at det er nettopp det han ønskjer.