NRK Meny
Normal

Lite pengar til vedlikehald av kunst

PORSGRUNN (NRK): Mange kommunar har eit vedtak om å bruke éin prosent av byggekostnadane på nye bygg til kunst og utsmykking. Men det er ikkje alltid like lett å finne pengar til drift og vedlikehald av kunstverka.

Barclay-dammen i Porsgrunn

BARCLAY-DAMMEN: Det går ikkje alltid knirkefritt når kunst blir plassert ut i det offentlege rom. Barclay-dammen i Porsgrunn var omstridt da han vart sett opp i 1998. Framleis blir han kalla «pissoaret» på folkemunne. I løpet av hauset har det samla seg lauv og lort på skulpturen.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Dette er eit kjempeproblem, særleg for samtidskunsten.

Det seier forfattar og kunsthistorikar Tommy Sørbø, som fortel at moderne, installasjonsprega skulpturar med lyd og ljos krev mykje meir vedlikehald enn vanlege skulpturar i bronse og stein.

Tommy Sørbø
Foto: Alf Ivar Martinsen / NRK

Sørbø trekkjer fram Barclay-dammen i Porsgrunn som eksempel på eit kunstverk som ikkje fungerer praktisk i eit offentleg rom.

– Slik som det står nå så er det jo ein ruin, hadde eg vore kunstnar så hadde eg vore veldig provosert.

Skulpturen består av tre veggar med kvite porselensfliser, der det samlar seg rusk og rask som må fjernast ofte. I tillegg høyrer det til ei fontene som er stengt for vinteren.

Kommunar manglar kunstpolitikk

Kommunal Rapport gjennomførte i fjor ei undersøking der dei spurte alle kommunane i Noreg om kunsten deira.

– Av dei 215 kommunane som svara, så mangla tre av fire ein politikk for innkjøp eller vedlikehald av kunst, seier ansvarleg redaktør i Kommunal Rapport, Britt Sofie Hestvik.

Rundt 70 prosent av dei som svara meinte likevel at dei tok godt vare på kunsten sin, medan 13 prosent meinte at vedlikehaldet var dårleg.

– Det med pengar er jo ein prioriteringssak. Men det er oppsiktsvekkande i denne undersøkinga kor lite det offentlege ser ut til å bry seg om kunsten sin, seier Hestvik.

Kunstverk fjernes ved Florida i Bergen

FJERNA KUNST i BERGEN: Mannskap frå Bydrift i Bergen tok vekk det fem år gamle kunstverket «60⁰N 05⁰E Encased Waterside» i oktober, fordi vedlikehaldet vart for dyrt.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Bør bestille vedlikehaldsfri kunst

Kulturkonsulent i Porsgrunn kommune, Mette Sophie Weitemeyer, vedgår at det kan vera vanskeleg å finne pengar til drift og vedlikehald til kunst i eit trongt kommunebudsjett.

Mette Sophie Weitemeyer
Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Vi har eksempel på kunst som står i offentlege uterom, der det kan vera litt krevjande med vedlikehaldet, for dei står utsette til i vêr og vind.

Kommunalsjef i Porsgrunn, Øistein Brinck, stadfestar at det er lite pengar i kommunebudsjettet til drift av kunst.

– Ved skadar ser vi at det er høge kostnadar på reparasjonar, og det har vi ikkje budsjett til. Vi må setja det opp mot alle andre formål i kommunen, og eventuelt fremja enkeltsaker politisk, seier Brinck.

Weitemeyer trur kommunane må tenkje meir over vedlikehald når dei bestiller kunsten.

– Eit kunstutval som skal jobbe fram eit oppdrag, og ser at det er lite pengar øyremerkt vedlikehald, bør vurdere verk også ut frå framtidige krav til vedlikehald.

Tommy Sørbø trur det er ei bra utfordring for kunstnarane.

– Om eg var kunstnar, ville det å få litt motstand og å ha grenser vera ei spennande oppgåve.

Barclay-dammen

SAMLAR SEG LAUV: I Barclay-dammen i Porsgrunn samlar det seg lauv og rusk på veggane og i botnen av kunstverket, som må fjernast med jamne mellomrom.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK
  • 12-åring slått og sparket

    En 12-åring er kjørt til Skien legevakt, etter å ha blitt slått og sparket av det som skal ha vært flere gjerningsmenn, melder politiet. Fornærmede har smerter i brystet. Hendelsen skjedde på Kjørbekkhøgda. Politiet oppretter anmeldelse.

    Laster Twitter-innhold
  • Får tre millioner til forskning

    Overlege ved Sykehuset Telemark Håkon Tobro har fått tre millioner kroner til forskning på slagbehandling. Forskningsmidlene skal brukes over flere år, og målet er at de skal bidra til en bedre slagbehandling i distriktene.

  • Fått i seg røyk

    En voksen og et barn tas hånd om av helsepersonell etter å ha fått i seg røyk etter en brann ved Øvre Sølen i Porsgrunn.

  • CO₂-lagring blir prioritert i EU

    Statoils plan om CO₂-lagring under havbotnen på norsk sokkel har fått status som eit prioritert prosjekt i EU. Planen er å lagre CO₂ på same måte ved norske industrianlegg, slik som Norcem i Brevik og Yara på Herøya.