Hopp til innhold

Fylkesordførar: – Dette liknar ein parodi

Fylkesordføraren er lite imponert over at regjeringspartia ikkje ville velje ein ny stamveg mellom Aust og Vest.

Sven Tore Løkslid

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid fryktar det blir lite pengar til E134 som stamveg når regjeringspartia ikkje vil prioritere.

Foto: Roald Marker / NRK

Samarbeidspartia ville ikkje velje ein ny stamveg, og har i staden gått inn for ein funksjonsdeling mellom riksveg 52, riksveg 7 eller E16.

Frå før er det kjent at E134 over Haukelifjell blir den eine stamvegen.

Saman med fylkesordførarane i Hordaland og Sogn- og Fjordane har fylkesordføraren i Telemark kjempa for at riksveg 52 skulle bli den andre.

Er ikkje imponert

Fylkesordførar i Telemark, Sven Tore Løkslid, frå Arbeidarpartiet er ikkje imponert over det som blei lagt fram.

– Nå synest eg dette liknar på ein parodi.

Han seier at det starta med ei aust-vest utgreiing for å finne raskaste vegen frå aust til vest. Så konkluderte ein med at det var lurt med to.

– Og det var fint for E134 var den eine. Men no har ein konkludert med fire, og då – er vi tilbake på status quo. Eg er veldig lite imponert over at ein ikkje klarar å prioritere.

Han seier at Telemark og andre har vore tydelege i kva dei vil prioritere.

– Her prioriterer ikkje regjeringa tydeleg.

Må dele på fire vegprosjekt

Løkslid seier at alle fire aust-vest sambanda skal bruke av den same potten pengar.

– Regjeringa har ikkje meir pengar å bruke på samferdsel enn alle andre, og no er det fire prosjekt å dele på.

– Det her er eg lite imponert over, og skuffa over at vi ikkje får pengar nok til E134, for den kjem til å bli skadelidande no, fryktar eg.

– Korleis blir dette ei dårleg løysing for E134 og Telemark?

– Vi veit jo ikkje så mykje enno. Men Telemark har heile tida sagt at E134 med ein arm til Bergen er den viktigaste vegen. Det seier også alle fagutgreiingar, fylkeskommunen, kommunar og NHO i Telemark. No er den i fare.

Fryktar for arm til Bergen

Løkslid fryktar det blir mindre pengar til E134 når samferdslepengane skal delast mellom fire vegprosjekt.

– Det er Telemark som blir skadelidande, og det er eg veldig skuffa over. For no er armen til Berge frå E134 sett i spel.

Løkslid klarar ikkje å sjå noko positivt med den funksjonsdelinga som regjeringspartia er blitt einige om.

Fylkesordføraren skal no i møte med Telemarksbenken på Stortinget.

– Eg har eit veldig lite håp om at Bård Hoksrud, Solveig Sundbø Abrahamsen og Geir Jørgen Bekkevold har vore tydeleg og snakka Telemark si stemme inn, og får på plass nye tunnelar over Haukelifjell, ny veg i Saggrenda, og ikkje minst armen til Bergen i Nasjonal Transportplan.