NRK Meny
Normal

Småbrukar: – Listhaug provoserer

– Tilbodet frå regjeringa sender dårlege signal til landbruket. Det seier småbrukar og geitehaldar Gunnar Haugo i Arabygdi.

Gunnar Haugo

Småbrukar Gunnar Haugo har bygd nytt fjøs med flass til Telemarksfe, nokre sauer og 130 mjølkegeiter.

Foto: Privat

Staten tilbyr bøndene 150 millionar kroner, eller ti prosent av organisasjonane sitt krav på 1,5 millionar kroner. Samstundes ynskjer regjeringa å fjerne utjamningsordningar mellom små og store bruk.

– Det er god grunn til uro, seier småbrukaren ved Totak. I 2011 satsa han fleire millionar kroner på nytt fjøs med plass til sauer, nokre kyr og 130 mjølkegeiter heime i Arabygdi.

– Det er uråd for landbruket i Vest-Telemark å overleve utan støtte frå staten, seier Haugo, som i utgangspunktet reknar seg som optimist.

– Eg lever etter regelen om at det går greitt. Men no er eg usikker.

Sylvi Listhaug

Statsråd Sylvi Listhaug (Frp) provoserer.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Men er det ikkje fornuftig, slik statsråd Sylvi Listhaug seier, å satse på færre og større bruk?

Nei. Målet med landbrukspolitikken må vere å halde liv i bygdene. Alt anna blir meiningslaust i eit småbrukarfylke som Telemark. Det blir trist om berre bønder med store fjøs og mjølkeautomat overlever, seier geitebonden.

Staten: Lønsauke på 3,5 prosent

I fylgje Landbruksdepartementet vil tilbodet gje bøndene ein lønsauke på 3,5 prosent.

Landbruks- og matdepartementet foreslår å kutte dei reine overføringane frå staten med 250 millionar kroner, mens prisane skal auke med 340 millionar kroner. Det tyder at det er forbrukarane som skal betale for lønsauken

– Det er provoserande at regjerings foreslå å ta overføringane til jordbruket ned, seier Merete Furuberg i Norges Bonde- og småbrukarlag.

Tøffe tingingar

Leiaren i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, karakteriserer tilbodet som krevjande.

– Stortinget har gjeve regjeringa i oppdrag å auke matproduksjonen og auke lønsemda i næringa. Difor er dette overraskande, seier Bjørke.

Partane har no frist til 16. mai for å bli samde. Dersom tingingane ikkje fører fram er det opp til Stortinget å fastsetje oppgjeret.

Sylvi Listhaug og Aasmund Nordstoga

I vinter vitja statsråd Sylvi Listhaug småbrukarane Ingvild Lilletvedt Nordstoga og Åsmund Nordstoga på småbruket Plassen i Vinje.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK