NRK Meny

Lisleherad skule må få leve

Foreldre ved Lisleherad skule på Notodden krev at barneskulen i Lisleherad må få leve inntil ny storskule på sætre er ferdig. I ei uttale frå FAU ber dei om at omsynet til elevane blir sett i fyrste rekkje. FAU i Lisleherad viser og til at det etter nedleggingsvedtaket er blitt kjent at Notodden kommune får inntil sju millionar kroner ekstra i overføring frå Staten neste år.