SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Politiadvokat Svein Folkestad ved Telemark Politidistrikt seier at politiet ser på saka som ferdig etterforska, og at det difor ikkje lenger er fare for at bevis kan bli øydelagt.
Svein Folkestad ved Telemark politidistrikt
- Vilkåra for varetektsfengsling er ikkje lenger til stades fordi vi er tilnærma ferdig med etterforskinga av saka, seier Folkestad.
Den fjerde mannen som er sikta i saka blei sett fri for ei tid tilbake, og Folkestad seier at politiet førebels opprettheld siktinga mot vedkomande.
- Vi har arbeida hardt for å prøve å få saka for retten innanfor varetektsperioden, men det klarar vi ikkje på grunn av ferieavviklinga. Difor har vi fått saka opp med ein gong etter ferien.
Rettsaka startar 14. august, og det er sett av to dagar til saka.