NRK Meny
Normal

Andreas (6) fann sjeldan mynt. Så mykje får han i finnerlønn

Andreas letta på ein stein og fann sjeldan gullmynt. Nå får han finnarlønn av riksantikvaren.

Andreas Øfstedal Clausen

Andreas Øfstedal Clausen (6) fant gullmynt frå 1350 i Åbyfjorden i Bamble våren 2013. Nå får han finnarlønn av Riksantikvaren.

Foto: nyebilder.no

For eitt år sidan gjekk den då 5 år gamle Andreas Øfstedal Clausen og faren på stranda i Bamble for å leite etter skjel mens dei var på ferie ved Åbyfjorden i Bamble.

Far Bård Clausen fortel at Andreas letta på ein stein og fann det som skulle vise seg å vere ein sjeldan engelsk gullmynt frå 1300-talet.

Nå får den ærlege 6-åringen finnarlønn av Riksantikvaren på 4000 kroner i posten.

Ikkje sikker

– Mens vi leiter etter skjel, kjem sonen min bort til meg og seier «sjå kva eg fant. Pappa, kan det vere ein gullmynt».

Bård Clausen var ikkje heilt sikker på kva den kunne vere og ville undersøke nærare.

Her kan du høyre heile historia om funnet av gullmynten:

Andreas Øfstedal Clausen og far Bård Clausen

Andreas Øfstedal Clausen (6) fant gullmynt frå 1350 i Åbyfjorden i Bamble. Her er han saman med faren sin Bård Clausen.

Foto: nyebilder.no

Gullmynten blei levert til Kulturhistorisk museum i Oslo. Atle Omland hos Riksantikvaren seier det er ein sjeldan engelsk mynt frå 1300-talet.

Atle Omland, arkeolog

Atle Omland gir finnarlønn til ærleg gut som fant gullmynt.

– Det er ein engelsk mynt som vi kallar for ein nobel. Den er prega av Kong Edward III i England. Og den fanst i England i litt over hundre år, seier Omland.

Han seier det er ein sjeldan mynt som det er gjort få funn av i Noreg. Siste gongen det skjedde var i 1969.

Alle myntar som er eldre enn 1650 er statens eigedom, og ulovleg å behalde.

– Det er viktig å levere sånne mynter til museum, fordi de gir oss kunnskap om fortida og viser kva for myntar som var i bruk i mellomalderen, seier Omland.

Her kan du høyre meir om gullfunnet:

Kanskje kjøpe han metalldetektor

Andreas Øfstedal Clausen bur i Oslo. Faren er frå Porsgrunn, og familien var på ferie i Bamble på hytta til mormor då dei fann gullmynten.

Riksantikvaren gir til saman 8000 kroner i finnarlønn som blir delt likt mellom grunneigaren og finnaren av gullmynten.

– Kona mi og eg har bestemt at Andreas skal få pengane sjølv, anten kjøper vi noko og set resten i banken. Vi har snakka litt om å kjøpe ein metalldetektor, kanskje det blir noko av nå, seier Bård Clausen.