NRK Meny

Leteaksjon etter mann i Skien

Politiet i Skien leter etter en mann på 54 år som ikke har kommet hjem etter en tur på byen. Han skal ha forsvunnet i området ved Duestien i Skien. Mannen er rundt 185 cm høy og har normal kroppsbygning og maskinklippet hår. Han hadde på seg dongeribukse, mørk T-skjorte og en mulig koksgrå strikka genser da han forsvant.

  • Fleire på tur når stien blir merka

    Fleire går på tur når stiar og turvegar blir merka. Det syner ei undersøking Norsk institutt for naturforsking har gjort. Det er særleg folk med lita turrøynsle som tek i bruk nærområda når stiane blir merka.

  • – "Kjøpte" sakshandsamar med tomter

    Fem hyttetomter står sentralt i korrupsjonssaka mot ein tidlegare byggesakshandsamar i Vinje. Det skriv Varden. Politiet meiner at selskap byggesakshandsamaren hadde interesser i fekk tomtene på gunstige vilkår, mot å hjelpe hytteutviklaren i reguleringssaker. Advokatane til dei sikta avviser påstanden.

  • Børven til Odd?

    Spissen Torgeir Børven skal tilbake til Odd. Brann og Odd er samde om overgangssummen, skriv Bergensavisen. Leiinga i Odd vil ikkje kommentere saka.

    Torgeir Børven
    Foto: Digitalsport
  • Bane Nor: Vil utsetje Vestfoldbanen

    Intercity-utbygginga på Vestfoldbanen kan bli utsett i minst eitt år, skriv Aftenposten. Det er ein rapport frå Bane Nor som viser at selskapet får problem med å planlegge arbeida. Selskapet ynskjer no å prioritere utbygginga i områda rundt Oslo.