NRK Meny
  • Delte meiningar om Hjuksebø

    I dag skal formannskapet i Sauherad avgjera om dei vil tillate at Hjuksebø blir ein del av Notodden. Telen skriv at utfallet er heilt opent. Sauherad kjem til å tapa rundt 18 millionar kroner i inntekter frå staten dersom Hjuksebø blir skilt ut.

  • Tre personar sikta for korrupsjon

    Ein tidlegare byggesakshandsamar i Vinje og Larvik kommunar og ein hytteutviklar på Rauland er sikta for grov korrupsjon. Fleire personar har status som mistenkte. Politiadvokat Gunnstein Bjørgum reknar med at saka er ferdig etterforska i løpet av første halvår i år.

  • Distriktssendingane i spørjetimen

    I går tok Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) opp distriktssendingane til NRK i spørjetimen på Stortinget. Kulturministeren svara at kringkastingssjefen har redaksjonell fridom til å bestemme korleis allmennkringkastingsoppdraget best kan oppfyllast.

    Åslaug Sem-Jacobsen
    Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK
  • Køyrde på rådyr og stakk

    I natt vart det meldt om eit påkøyrd rådyr som låg hardt skadd i vegen ved Sauland. Føraren som hadde køyrd på dyret hadde stukke av. Dyret døydde før viltnemnda kom til staden. Politiet ser svært alvorleg på å forlate dyr i hjelpelaus tilstand.