NRK Meny

Leiteaksjon i Brevik

Ein 40-åring er meldt sakna av familien. Politiet har kalla ut mannskap frå Røde Kors for å søke i området.

Laster Twitter-innhold
  • Kripos til Vrådal

    Lensmannen i Kviteseid får i dag hjelp frå Kripos i arbeidet med å finne personane som har drive ein cannabisplantasje i Vrådal. Det var i førre veke politiet fann fleire hundre cannabisplanter i eit tomt industribygg.

  • 45 husstandar utan straum

    Torsdag morgon har dei fleste kundar fått att straumen etter uvêret. Det står att mykje feilrettingsarbeid, og Skagerak Nett held oppe full beredskap. Klokka 09.30 i dag var 45 husstandar i Porsgrunn og Skien utan straum.

  • Ville lade bilen – tok fyr

    I natt var det ein bilbrann ved Nome asylmottak. To personar fekk i seg røyk. Brannen starta medan bilen stod på tomgang. Det var lite straum på bilen, og eigaren ville forsøke å lade han ved å la han stå på tomgang. Politiet opprettar sak.

    Bilbrann Nome asylmottak
    Foto: Tom Ole Buaas / NRK
  • Møtte ikkje opp til soning

    Politiet har gripe ein mann i 30-åra frå Porsgrunn som ikkje har møtt i fengsel for å sone ein dom. Mannen blir køyrd til fengselet i ettermiddag.