NRK Meny
  • Skuffa over leiing i KrF

    Fylkesvaraordførar, Hans Edvard Askjer i KrF, er skuffa over den sentrale leiinga i partiet som har sagt nei til å gjere om på regionreforma. Han oppmodar partileiinga om å stille stortingsgruppa fritt, slik at dei som vil får høve til å røyste mot reforma.

    Hans Edvard Askjer
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Bil utfor vegen på Valebø

    Ein bil har køyrt utfor vegen på Valebøvegen like nord for Dalsvatn i natt. To personar har komme uskadd ut av bilen. Det skal vere glatt på staden.

    Bil utfor vegen på Valebø
    Foto: Theo Aasland Valen