NRK Meny

Legg tåprosjekt på is

Ordføraren i Fyresdal Erik Skjervagen har lagt prosjektet med alternativ medisin på is. Ordføraren ville innføre enkle øvingar der barn i barnehage og skule drog seg i tærne for å få betre helse. Seinare ønska ordføraren å instruere kommunalt tilsette i metoden, utan at det blei noko av. Totalt har kommunen brukt omkring 100.000 kroner på prosjektet.