NRK Meny

Legg ned sengeplassar i Seljord

Sjukehuset Telemark legg ned seks sengeplassar ved psykiatrisk avdeling i Seljord. Fire tilsette blir sagt opp, og åtte hjelpepleiarar får redusert stillingane sine til femti prosent. Hovudtillitsvald Johanne Haugan seier til Varden at ho fryktar det som skjer er den første spikaren i kista til den psykiatriske avdelinga i Seljord.