NRK Meny
  • Straumbrot i Brevik

    Over tusen kundar er utan straum i Brevik. Årsaka er ein øydelagt kabel. Skagerak nett arbeider for å rette feilen. Dei reknar med at straumen er attende om nokre timar, seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes.

  • Rådmannen lagar smørbrød

    I Nissedal lagar rådmannen sjølv mat når rådmannsutvalet i Vest-Telemark har møte i kommunen. Ein reiselivskommune med 2.400 hytter treng ein vinteropen kafe, seier rådmann Sverre Sæter til Vest-Telemark blad. Roald Nomme i Nissedal næringslag seier at han vil ta saka opp i næringslaget.

    Sverre Sæter
    Foto: privat
  • Urædd mister nøkkelspelar

    Veronica Amundsen forlet Urædd og går til 1. divisjonsrivalen Øvrevoll Hosle, skriv PD. Årsaka til klubbytet er at Amundsen har kome inn på skule i Oslo-området.

  • Sel 1700-tals kanne for 500.000

    Blomqvist auksjoner skal no selje ei kanne laga av tinndølen Knut Luraas-Rui. Kanna er laga på 1700-talet, og har vore i privat eige i meir enn 200 år, skriv Varden. Auksjonsforretningen reknar med at peisen blir opp mot 500.000 kroner.