Lavvo i strandsona

Kommunestyret i Vinje avgjer i dag om ein lavvo i strandsona ved Totak i Rauland skal få stå eller om den må rivast. I 2007 søkte Bjørn Borgersen om byggeløyve, men då hadde han alt sett opp tre-lavvoen på 110 kvadratmeter. Det er også bygt terrasse, steinmolo og flytebrygge i tilknyting til lavvoen, som kommunen meiner står innafor sona med byggeforbod ved Totak.