NRK Meny
Normal

Lang kø på E18 søndag

Det var lange stilleståande bilkø på E18 gjennom Bamble i åtte timer søndag.

Lange køer på E18

Her er bilkøen ved Åbykrysset i Bamble rett etter klokka fire søndag ettermiddag.

Foto: Stig Bolme / NRK

Klokka 21.30 var det fortsatt lange saktegåande køar på E18 gjennom Bamble mellom Dørdal og Grenland bru.

Vegtrafikksentralen opplyser at det har vore saktegåande kø sidan to-tida søndag ettermiddag.

– Folk har hatt ei lang helge på å kome seg ut på. Og no skal alle heim igjen, seier Arne Kleiv ved vegtrafiksentralen i Porsgrunn.

Han trur køen kan vare ut over kvelden søndag.

Klokka 20 får NRK opplyst at køen står neste frå avkjøringa til Kragerø og fram til Grenland bru.

Vegtrafikksentralen melder om at det er mange russebilar i køen, som har vore på russetreff i Stavanger i helga.

Lange køer E18

Dette bildet er tatt ved Feset i Bamble litt før klokka seks søndag ettermiddag.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK