Hopp til innhold

Har ikkje alltid politi i alle kommunar

Det tok over halvannan time før politiet var på plass etter melding om skyting i Kyrjebygda i Nissedal. Politiet seier det ikkje er politi til ein kvar tid i alle kommunar.

Svein Olav Grini, Lensmann i Nome

Stabssjef ved Telemark politidistrikt Svein Olav Grini seier at det ikkje er nok politi alle stader til å ta alle oppdrag, og at det derfor kan ta tid før dei er på plass.

Foto: Anita Moland / NRK

Heile åtte politibilar sette kursen mot Nissedal då politiet fekk melding om skyting i Kyrkjebygda onsdag ettermiddag.

Det var ein nabo som melde frå til politiet om skyting klokka 15.15 onsdag ettermiddag. Og det tok 1,5 time før politiet var på plass i Kyrkjebygda med 8 politibilar.

– Det er ikkje nok politi alle stader til å ta alle oppdrag. Nokon gonger må vi sende folk som har ein lengre veg å køyre, seier stabssjef ved Telemark politidistrikt Svein Olav Grini.

Les også: Fire pågrepet etter skyting

Var trena på væpna oppdrag

– Måtte alle som rykka ut denne gongen køyre frå Grenland?

– Vi hadde ein stor styrke med instruktørar som var i Grenland. Og det er trena og godt førebudd til å ta væpna oppdrag, i samarbeid med lokal patrulje i Vestmar-regionen, seier Grini.

Svein Olav Grini

Svein Olav Grini er stabssjef ved Telemark politidistrikt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han fortel at politiet ikkje sit inn og ventar på å rykke ut, men prøvar å ha tenesteordningar som dekker større geografiske område.

Politireforma som nå er lagt fram legg opp til at det skal vere ein felles operasjonssentral for Telemark, Vestfold, Buskerud og Asker og Bærum. Det skremmer ikkje Grini.

– Det blir omtala som ein nærpolitireform. Vi er positive, og har sagt at Telemark er for små til å få gode og robuste fagmiljø. Så vi har tru på at det blir betre kompetanse og større fagmiljø i det nye distriktet, seier Grini.

Les også: Politiaksjon etter skyting på blink

Må ta skyting på alvor

Det som skjedde i Nissedal viste seg å vere skyting med luftgevær. Men politiet understrekar at dei må ta slike meldingar om skyting på alvor.

– Vi visste ikkje omfanget av det som skjedde før det hadde gått litt tid, så det ville ikkje vore klokt å la politiet stå og vente i Grenland. I tilfelle det var så alvorleg som meldinga gjekk ut på, seier Grini.

– Viss det hadde skjedd noko anna på ein annan stad i fylket. Har politiet nok patruljer til å dekke opp det også?

– Dei som rykka ut var instruktørar, og det var andre ting som skjedde samstundes. Vi hadde ein leiteaksjon, og andre ting som skjedde. Men vi må alltid prioritere og prioritere bort, seier Grini.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark