Lågt tal på omkomne i brann

Talet på omkomne i brann er rekordlågt i år. Det siste tiåret har talet sokke gradvis, melder Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap. I fjor omkom det 40 personar i brann. Hittil i år har 22 personar omkome.