NRK Meny
Normal

Lagar tungtvatn i haustferien

RJUKAN (NRK): Ved industriarbeidarmuseet på Vemork blir ferierande skulebarn inviterte til å lære meir om den berømte industriproduksjonen.

Skuleelevar ser på produksjon av tungtvatn

ELEKTROLYSE: I eit ombygd akvarium får skuleelevane sjå korleis tungtvatnet blir produsert.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Medan anleggsmaskinene grev fram tungtvasskjellaren framfor kraftstasjonen på Vemork, blir haustferiebarna inviterte inn til ein eigen tungvasskule. Museumsformidlar Gunhild Lurås viser elevane korleis ein produserer tungtvatn.

– Her ser vi kva som skjer når ein skil oksygen og hydrogen.

I eit ombygd akvarium boblar det frå fleire forskjellige røyr, og Lurås forklarer elektrolyseprosessen.

– Der det boblar mest, kjem det hydrogen. Og der det boblar minst, kjem det oksygen.

Får teste eigne krefter

For å vise kor mykje energi produksjonen av tungtvatn krev, har student og tidlegare sommarvikar Simen Ringdahl laga ein demonstrasjonsmodell. Ved å trakke hardt på ein treningssykkel, får elevane kjenne kor tungt det er å laga tungtvatn.

10.-klassingen Victoria Havn trakkar iherdig i veg på sykkelen heilt til ho blir sliten. Gunhild Lurås forklarar henne kor lenge ho måtte sykle for å få ein bitte liten skvett med tungtvatn.

– Du må sykle i to år!

Elevane blir tydeleg forbausa over kor mykje kraft som trengst for å produsere tungtvatnet. Og dei synest det er stas å få lære seg nye ting på ein praktisk måte.

– Eg lærer mykje meir her, enn når det berre er bilde og tekst. Ein dag her er betre enn ein dag på skulen, seier Livia Migala.

Skuleelevar på Industriarbeidarmuseet

TO ÅR: Museumsformidlar Gunhild Lurås fortel elevane Lotte Bråten Granberg, Liwia Migala, Madeleine Teigen og Victoria Havn kor lenge dei må sykle for å få ein liten skvett med tungtvatn.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Viktig å kjenne til historia

Gunhild Lurås peiker på ein modell av hydrogenfabrikken, og fortel kva som skjedde der.

– Der produserte dei hydrogen, som var viktig for kunstgjødselproduksjonen. Og eit biprodukt av dette, det var tungtvatn.

Lurås seier det er gjevande for henne å fortelja om den felles historia vår.

– Dette er viktig å formidle til stadig nye generasjonar. Nå grev vi fram tungtvasskjellaren, og ved hjelp av modellar viser vi fram kva som skjedde inne i bygget og i kjellaren.

Modell av fabrikken på Vemork

TUNGTVASSKJELLAREN: Gunhild Lurås peiker på tungtvasskjellaren som er i ferd med å bli grave fram i desse dagar.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK
  • Fotgjengar påkøyrd i fotgjengarfelt

    Det var ein mann på 48 år frå Porsgrunn som vart påkøyrd i eit fotgjengarfelt. Politiet har difor teke førarkortet frå den 86 år gamle mannen som køyrde bilen. Mannen som vart påkøyrd er ikkje ein syklist, slik politiet tidlegare meldte.

  • Øving i Ulefoss 19. oktober

    Torsdag 19. oktober blir det halde ei øving i samband med samvirkekurset for naudetatane i Telemark. Det vil bli utrykkingskøyring i og nær Ulefoss. Øvinga vil òg inkludere ein kanalbåt i området ved Valøya. Farga markør-røyk vil bli brukt.

  • Gjerpen slo Glassverket

    Gjerpen møtte Glassverket til bortekamp i Drammenshallen i kveld. Gjerpen vann 28–24. Etter kveldens kampar i Eliteserien i handball for kvinner ligg Gjerpen på sjuande plass på tabellen, medan Glassverket ligg på botnen.

  • Syklist køyrd til legevakt

    Den mannlege syklisten som kolliderte med ein bil, blir køyrd til Porsgrunn legevakt av ambulansen.