NRK Meny
Normal

Nansen inspirerte til å lage treski

MORGEDAL (NRK): Eit par frå Nederland har brukt fem dagar til å lage sine eigne treski i Morgedal. Skiene skal dei bruke på ein ti dagars ekspedisjon i Dovrefjell og Trollheimen.

Eit par frå Nederland lagar sine eigne treski på skifabrikken i Morgedal.

På Norsk Skieventyr kan du få lage dine eigne treski slik polfarar og skimakar Olav Bjåland gjorde det for hundre år sidan.

Jolanda Linschooten er fotojournalist og forfattar. Ho fortel at dei fekk ideen etter ein tur på ski over Grønland då dei las ei bok av polfararen Fridtjof Nansen.

– Vi blei litt nysgjerrig på korleis dei laga ski på den tida. Nansen fekk laga skia sine i Telemark, så då måtte vi dra hit for å lære å lage slike ski, seier ho.

Les også: Krog sine OL-medaljer hamnar på museum

Ville lære å lage treski

Frank van Zwol

Frank van Zwol med sitt varemerke på skituppen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Frank van Zwol driv med guida villmarksturar. Han meiner det å kunne bruke tid til å lage sine eigne ting og skaffe seg kunnskap er viktig i dagens samfunn.

Han held på med siste finpussen på skituppen før skia skal varmast opp og settast i spenn for å bøye til skituppen.

– Utforminga av skituppen er viktig. Det er varemerket til den som har laga skia, seier han.

I skifabrikken på Norsk Skieventyr lærer dei å lage sine eigne treski, slik polfararen Fridtjof Nansen fekk laga sine ski i Telemark.

Det er Tarjei Gjelstad ved Norsk Skieventyr som står for undervisninga. Han fortel at dei starta med å felle eit furutre.

– Så fortsett arbeidet i skiverkstaden med å gjere skia ferdig med øks, høvel og kniv, seier Gjelstad.

Les også: Vil heidre Olav Bjaaland med statue

Jolanda Linschooten og Frank van Zwol

Jolanda Linschooten og Frank van Zwol med huskyen Herschel skal på ekspedisjon med ski dei har laga sjølve ved Norsk Skieventyr.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ekspedisjon til Dovrefjell

Skiene blir laga med reiskapen som polfarar og langrennsløpar Olav Bjåland frå Morgedal bruka til å lage skiene til polekspedisjonen med Roald Amundsen.

Etter at skiene er ferdig blir dei sett inn med tjære for å få god glid.

Det nederlandske paret skal skrive reportasje for den nederlandske utgåva av National Geograpics etter fjellturen.

I tillegg skal dei lage eit multimedia foredrag om opplevinga med å lage sine eigne ski og bruke dei på ein ti dagars ekspedisjon i Dovrefjell og Trollheimen.

– Eg håpar skia ikkje knekkjer i to, men når Nansen kunne krysse Grønland og gå mot Nordpolen på slike ski, så bør det går bra for oss på Dovrefjell også, seier van Zwol.

Les også: Åpnet utstilling i Norheims hjembygd

Testa treskiene på Øvrebø

Det har nederlandske paret har bruka fem dagar på å lage ferdig sine eigne treski ved skifabrikken på Norsk Skieventyr i Morgedal.

Etter at treskiene var ferdig, og sett inn med tjære gjekk turen først til Øvrebø i Morgedal der Sondre Norheim vaks opp.

– Dei fekk testa skiene, og det gjekk bra, seier Tarjei Gjelstad.

Han fortel at paret reiste vidare til Oppdal på søndag for å starte på ekspedisjonen i Dovrefjell og Trollheimen med treskia dei laga i Morgedal.