Hopp til innhold

Fann opp unik vogn for rullestolbrukarar

VINJE (NRK): – Råaste eg har opplevd, seier Harald Botn. Rullestolbrukaren kom seg ut på fjelltur takka vera ei oppfinning av ein lokal «Petter Smart».

UNIK I VERDA?: Rullestolen står på ski som blir tatt av når stolen bli skuva inn på skjenene i vogna.

– Dette har eg drøymt om i 10 år, seier Lars Martin Kåsene. Han er drosjesjåfør og støttekontakt for Harald Botn.

Harald Botn

Heilt rått å vera med på, seier Harald Botn.

Foto: Petter Melsom / NRK

Vinteren er lang i fjellkommunen. Det er ikkje enkelt å koma seg ut på tur for rullestolbrukarar når det er to meter snø over alt.

Luksusvogn med varme og støytdemping

– Eg ville prøve å gje eit tilbod til dei som ikkje berre kan slenge sekken over aksla og spenne på seg skiene utanfor døra.

Saman med det han kallar ein lokal «tusenkunstnar» har Kåsene utvikla ei snøskutervogn tilpassa folk med nedsett funksjonsevne. Vogna er støypt av eit Vestfoldfirma, og så har dei lokalt gått laus med drill og skjerebrennar.

Det er skrudd fast skjener og belte slik at rullestolane står trygt og stabilt.

To karar i skogen

Det smakar med kakao og fersk gjærbakst

Foto: Anne Lognvik / NRK

Glad i naturen

Harald har alltid sete i rullestol. Sjukdomen cerebral parese har gjort at han ser veldig lite, men fjellufta og turen over dei kvite viddene, kjenner han godt.

Vogna er støtdempa så han duvar av stad i god fart. Vil han snakke med Lars Martin gjer han det via det monterte intercomanlegget.

Oppfyller alle tryggleikskrav

Snøskutervogna har plass for to rullestolar. Alle tryggleikskrav er oppfylte og sleden er godkjend.

– Eg trur denne typen av ein skutertilhengar kan bli populær. Det er mange som lengtar etter fjellet. Ei kvinne, som var med på ein prøvetur, hadde ikkje vore på hytta si på 10 år.

– Då rann det ei tåre eller to, fortel oppfinnaren.

Snøskuter og rullestol

Skuteren og vogna er parkerte, rullestolen er sett over på ski.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Har fått hjelp

Lars Martin Kåsene har hatt kameratar som nærast frå ein dag til ein annan hamnar i rullestol. Frå å vera tur- og fjellfolk, blir dei brått passiviserte og innestengde.

Denne snøskutervogna kan vera eit godt tilbod for mange, ikkje berre fysisk funksjonshemma, men også for folk som slit psykisk, meiner han.

Rullestolhjul med ski

Hjula på rullestolen blir festa til to par ski, det gjer det trygt og effektivt. Det må vera praktisk og enkelt, seier Kåsene.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han rosar både kommunen og alle dei gode hjelparane som har vore med i prosessen med både praktisk hjelp, pengestøtte og oppmuntrande ord.

– Var det slik at du hadde med kakao og kanelsnurrar?

Det undrar Harald, han synest det er nok prat.

– Ja, ja, no skal me kose oss, seier Lars Martin.

Bålet knitrar, dufta av kakao og fersk gjærbakst blandar seg med fjellufta. Kose seg kan dei, det har dei øvd på i mange år.

Fisketur på isen

– Det hadde eg ikkje trudd var mogleg, seier Harald Botn. Han skryter av Kåsene som aldri gav opp den ville ideen.

I botnen av vogna er det ei solid pilkeluke i pleksiglas. På grunn av stor sno er den ikkje testa enno, men når Harald og andre rørslehemma er med på tur, vil dei kunne sitja varmt og godt inne i vogna og pilke.

– Det blir nok fleire turar utover våren, lovar Harald med eit stort smil.

Pilkeluke

Gjennom denne pilkeluka i botn av sleden kan ein pilke.

Foto: Petter Melsom / NRK