Hopp til innhold

Lærarane får behalde frivekene

Lærarane får behalde ferien med avspasering for lange arbeidsdagar. Og får medansvar for kva arbeidstida skal brukast til.

Undervisning

Utdanningsforbundet meiner lærarane har fått meir medansvar for kva arbeidstida skal brukast til. Bildet er tatt i 6.-klasse ved Klevstrand skole i Porsgrunn under matematikkundervisning.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Leiar i Utdanningsforbundet i Porsgrunn, Geir Evensen, er nøgd med oppgjeret i kommunesektoren for lærarane.

– Ingenting i forhold til avspasering for lengre arbeidsdagar eller ferie vil bli rørt ved, seier Evensen.

Han meiner Utdanningsforbundet har fått gjennomslag for viktige krav.

– Eg har ikkje fått finlest alle detaljar, men det eg har lest så langt ser veldig bra ut, seier Evensen.

Har fått gjennomslag

Geir Evensen meiner lærarane har fått gjennomslag for hovudargumenta i oppgjeret.

– Det betyr at det ikkje vil få så store utslag for arbeidsdagen, seier Evensen.

Han seier at når det gjeld arbeidstida for lærarane så blir det to endringar.

– Det eine er at lærarane får større medansvar for å definere kva for tid dei har behov for å bruke. Det blir ei opning for at lærarane kan bruke meir tid ut mot elevane, med meir tid til planlegging, meir detaljert forarbeid og samarbeid.

I tillegg er det også gitt rom for å gje nyutdanna lærarar litt ekstra tid til for- og etterarbeid og eigenplanlegging innafor den bundne tida dei skal vere på skolen.

– Dette er to element som vi er glade for, seier Evensen.

Får forhandle om arbeidstida

Ny arbeidstidsavtale for lærarar har vore ein ekstra krevjande del av årets oppgjer.

Den tilrådde løysinga betyr at lærarane skal vere til stades på skolen 7,5 timer pr. dag i skoleåret, føresett tilgang til tilfredsstillande arbeidsplassar.

– Er det mogleg å få gjort alt det lærarane skal gjere innafor desse timane?

– Nei, på langt nær, seier Evensen.

Han meiner det er mange oppgåver, og mange komplekse oppgåver som tar lang tid innimellom. I tillegg kjem retting, så det er på langt nær den tida som lærarane treng.

– Det er positivt at vi får forhandlingsrett og diskusjonsrett på kva den tida skal brukast til. Det er ein stor forskjell frå korleis det har vore til no, når rektor åleine kan bestemme over tidsbruken, seier Evensen.

Kan bruke tida på elevarbeid

Han meiner det er ei forbetring at meir av den bunde tida på skolen kan brukast til det Utdanningsforbundet definerer som elevarbeid.

– Dette skal no opp til drøfting på kvar enkelt skole med tillitsvalde, seier Evensen.

Det er også opna for å utvide arbeidsårets lengde noko, dette skal forhandlast lokalt.