Vil ha ein bilfri dag i veka

Ei ny kampanje oppfordrar folk i Grenland til å velje ein bilfri dag i veka.

Kø på E18 i Bamble

Med kampanjen La bilen stå ønskjer fylkeskommunen at fleire skal prøve å gjere noko anna enn å bruke bilen.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Tore Kamfjord i Bystrategi Grenland innrømmer at mange er avhengige av bilen for å få kvardagen til å gå opp.

– Vi har stor respekt for at folk meiner dei treng bilen for å rekke jobb og fritidsaktivitetar. Det er barn som skal hentast, og handling som skal gjerast, så vi ventar jo ikkje at folk skal kutte ut å køyre bil, seier Kamfjord.

Men målet er å få folk til å bruke bilen litt mindre.

– Det er også i tråd med lokale og nasjonale vedtekne mål om at fleire skal bruke miljøvenleg transport, seier Kamfjord.

Ein dag i veka

Tore Kamfjord, Telemark fylkeskommune

Tore Kamfjord i Bystrategi Grenland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

I Grenland så veit vi at halvparten av reisene er under fire kilometer, likevel er det berre 21 prosent av reisene som går føre seg på sykkel eller til fots.

– Så det er klart det er mange som kunne reist litt oftare på ein litt meir miljøvenleg måte, og litt oftare la bilen stå, seier Kamfjord.

Derfor oppmodar fylkeskommunen folk til å la bilen stå ein dag i veka.

– Og det trur vi at mange kan få til om dei går inn for det og planlegg og legg til rette for det sjølve, seier Kamfjord.

– Det er enkelt å seie. I praksis har mange lang veg til jobben, og bussane korresponderer dårleg. Du har ingen kollegaer du kan køyre med. Kva seier du til desse?

– Det er ikkje enkelt for alle å få det til. Men vi trur mange kan få det til om dei går inn for det, seier Kamfjord.

Få folk til å prøve noko anna

Det er berre 4 prosent av dei reisande i Grenland som syklar eller reiser kollektivt. Og det har fylkeskommunen ambisjonar om å auke til 8 prosent innan 2025.

Kamfjord meiner Grenland har eit veldig godt busstilbod for veldig mange.

– Og vi har den lågaste prisen på månadskort på buss for vaksne i landet. Så for mange ligg det veldig godt til rette for å køyre buss. Men terskelen for å starte med det er veldig høg for mange. Og vi har jo lett for å gjere som vi plar gjere, seier Kamfjord.

Med kampanjen ønskjer fylkeskommunen at fleire skal prøve å gjere noko anna enn å bruke bilen.

– For mange kan det vere å sykle eller gå, viss det er kort nok. For andre kan det vere å prøve å ta bussen, eller få samkøyre med ein kollega eller ein nabo som skal same veg, seier Kamfjord.