NRK Meny

Kviteseid skuffa over Seljord

Ordførar Tarjei Gjeldstad i Kviteseid er både skuffa og overraska over at Seljord krev omkamp om kvar senteret i ein eventuell storkommune skal vere. Seljord, Kviteseid og Nissedal var tidlegare samde om at ordførar og rådmann skulle sitje i Kviteseid, men no krev Seljord at senteret blir flytt dit. Gjeldstad ser ikkje bort frå at kravet vil føre til at forhandlingane mellom Nissedal, Seljord og Kviteseid bryt saman.

Tarjei Gjeldstad
Foto: Johs Apold / NRK