NRK Meny
Normal

Kvinner er redde for å mislykkast

BØ/KVITESEID (NRK): Kvinner er redde for mislykkast, få tør starte eigne bedrifter. Telemarksforsking har spurt kvifor.

Liv Sanvik Jakobsen

Liv Sandvik Jakobsen gler seg til å få alt i orden. Til sommaren flyt ho og familien inn i dette gamle tunet.

Foto: Berit Heggholmen / NRK
Journalist
Ragnar Luraas
Journalist

I 2015 blei det etablert 25 000 nye bedrifter her i landet, berre i 20 prosent av dei stod kvinner bak.

Og det handlar ikkje om at kvinner ikkje har idear eller evner, men rett og slett om manglande sjølvtillit.

No har Telemarksforsking i Bø snakka med kvinner som har eller har lyst til å etablere seg om kva som skal til for at dei skal våge å ta spranget og satse på å bli ein gründer.

Hadde lyst til å følgje draumen

Liv Sanvik Jakobsen

Liv Sandvik Jakobsen har flytta til Kviteseid.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Liv Sandvik Jakobsen er ein av dei som har våga sjølv om det ikkje var ei enkel avgjerd å ta. Ho har vore med å skrive to bøker om kofter, ho held foredrag, og jobbar som frilansjournalist.

Og no har ho og mannen gått lina ut og flytta frå trygge jobbar i heimbyen Skien og opp til Kviteseid der dei restaurerer eit gamalt tun.

– Eg synest det var litt skummelt å skulle flytte frå ein stad vi er vane med å vere, og der heile familien bur. Men så hadde vi så veldig lyst til å gjere det vi har drøymt om så veldig lenge.

Er redde for å mislykkast

Gunn Kristin Aasen Leikvoll

Gunn Kristin Aasen Leikvoll, Telemarkforsking.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Telemarksforsking i Bø har snakka med kvinner om kva som skal til for at dei skal våge å satse. Det er like mange kvinner som menn som vil, seier Gunn Kristin Aasen Leikvoll i Telemarksforsking.

– Vi ser at dei ønsker å vere frie og sjølvstendige. Og det å starte ei bedrift kan gje dei det. Og vi ser at dei ønskjer å bruke eigne evner, og då sett ut i livet det dei brenn for og er interessert i. Det heng også saman med at dei kjenner samfunnsansvar, og vil skape noko som er bra for fleire enn seg sjølve.

– Kva er den største hindringa?

– Ein frykt for å mislykkast. Dei fryktar for å mislukkast økonomisk, og det handlar om å vere redde for kva andre vil tenke om meg, viss eg mislukkast. Og kvinner er litt redde for å tru på eigne evner og kompetanse.

- Nervøse ? Slike ord brukar me ikkje

Cristian Myhre Hansen

Christian Myhre Hansen og kompisen var ikkje nervøse då dei starta opp.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Seier Christian Myhre Hansen i Bø Lift og Maskin.

Tidlegare forsking syner at kvinnebedrifter går like godt eller like dårleg som bedrifter starta av menn.

Kva er det menn har som kvinner manglar?

– Vi hadde vel ein ide om at dette kunne gå, for det er ganske stor byggeaktivitet i Midt-Telemark. Vi var aldri nervøse. Går det ikkje, så går det ikkje. Då får me finne på noko anna å gjera.