NRK Meny
Normal

Kvinne i 60-åra omkom i kollisjon

To personbilar har kollidert på Lundevegen i Bø i nærleiken av høgskulen.

Kollisjon i Bø
Foto: Mikkel Aanderaa Mikkel Aanderaa

Brannvesenenet i Bø har rykka ut til trafikkulykke i Bø, melder 110 sentralen på Twitter.

To personbilar er involvert i kollisjonen som skjedde i Lundevegen ved Høgskolen i Bø. Politiet og naudetatane er på staden.

Politiet fekk melding om trafikkulykka klokka 14.44 måndag ettermiddag.

Vegtrafikksentralen meldte like etter at fylkesveg 359 var stengt ved ulykkestaden.

Ein person død

Politiet melder klokka 15.20 at det pågår frigjering av skadde, og at luftambulanse er rekvirert.

– Ein lege på staden har stadfesta at føraren av den eine bilen er død, fortel operasjonsleiar Gisle Småge.

Det er klokka 15.30 politiet melder at ein person er stadfesta død i kollisjonen. Luftambulansen er avbestilt.

Biltilsynet si ulykkesgruppe er rekvirert til ulykkestaden.

– Politiet har nå starta avhøyr ved Bø lensmannskontor av sentrale viten til trafikkulykka, seier operasjonsleiar Småge.

Omkomne er frå Nome

Det var ei kvinne i midten av 60-åra frå Nome som omkom i trafikkulykka på Lundevegen måndag ettermiddag.

– Dei pårørande er no varsla, fortel operasjonsleiar Gisle Småge.

Politiet opplyser klokka 16.50 at dei nå er ferdig med dei kriminaltekniske undersøkingane på staden saman med ulykkesgruppa til Biltilsynet.

Fylkesveg 359 blei opna for trafikk etter klokka 17.33, melder Vegtrafikksentralen.

– Det er spor på staden som tyder på at den eine bilen har kome over i motsett kjørebane, seier Småge.

Sjåføren i den andre bilen blei kjørt til legevakta i Bø.

Laster kart, vennligst vent...