Hopp til innhold

Kvinne arrestert etter husbrann i Skien

Ei kvinne i 40-åra er sikta for å ha tent på ein bygning i Øvre Elvegate i Skien. Det er ei stund fare for at brannen skulle spreie seg til nabohusa i bydelen med mange trehus.

Brann i Øvre Elvegate

Det blei store skader på bygningen som brann i Øvre Elvegate i Skien. Brannvesenet trur det var her på verandaen brannen starta.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Siste: Kvinna som er mistenkt for å ha sett fyr på eit bustadhus i Øvre Elvegate i Skien laurdag ettermiddag er sett fri etter avhøyr søndag. Kvinna er sikta for skadeverk.

Brannvesen frå Skien og Porsgrunn rykka ut etter melding om brann i ein bygning ved på fylkesveg 32 Øvre Elvegate i Skien rett før klokka halv tre laurdag ettermiddag.

Operasjonsleiar Kim Stokke opplyser at det ei stund var fare for at brannen kunne spreie seg til bygninga rundt.

– Men det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg no, seier Stokke.

Det er registrert ein person som bur i bygningen.

– Det er ingen personar i bygningen no, seier Stokke.

Politiet opplyser at huset er totalskadd i brannen.

Bygningsbrann i Skien

Det blei stor røykutvikling då det tok til å brenne i eit hus tett ved fylkesvegen.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Brannvesenet var inne i huset

Brannsjef Guttorm Liebe var blant dei første som kom til staden. Han opplyser at brannen truleg kan ha starta på verandaen på framsida av huset.

– Vi har søkt gjennom heile huset, og det er ingen personar i bygningen, seier Liebe.

Brannvesenet var ein periode redde for at brannen skulle spreie seg til nabobygningane, men dei skal ha kontroll på brannen.

Brann i bygning på Bølevegen

Brannvesenet forsøker å få kontroll på brannen. Men det er mykje røyk, så Bølevegen er stengt for trafikk.

Foto: Theo Aasland Valen

Kvinne er sikta for brannen

Politiet opplyser at ei kvinne i 40-åra er arrestert og sikta for å ha tent på brannen i Øvre Elvegate i Skien.

– Det er ein mann som er registrert i folkeregisteret på adressa. Politiet vil enno ikkje gå ut med kva for relasjon kvinna har til huset og mannen som bur der, seier operasjonsleiar Vidar Aaltvedt.

Politiet arresterte kvinna i 40-åra laurdag ettermiddag, og ho er nå sikta for å ha tent på huset. Kvinna vil blir avhøyrt i kveld.

– Vi har også ein del andre vitne vi skal avhøyre i saka, seier Aaltvedt.