NRK Meny

Kuling på kysten og storm i fjellet

Telemark få sørleg bris, på kysten aukande til stiv kuling. Snø, etter kvart overgang til regn i lågare strøk. Frå i ettermiddag vestleg kuling utsette stader, stiv til sterk kuling på kysten. Fare for kraftige vindkast på 20-25 meter i sekundet. Stort sett opphaldsvêr. Frå i ettermiddag vestleg storm utsette stader i Langfjella. Snø og snøbyger. Snøfokk.

  • Månadstak for tyngre køyretøy

    Fylkesrådmannen i Telemark tilrår at det blir innført passeringstak på bompasseringar for tyngre køyretøy som er utstyrt med elektronisk brikke. Dei vil da bli fakturerte for maksimalt 60 passeringar i månaden slik ordninga er for lettare køyretøy.

  • Samanslåing av NAV-kontor

    Den 20. desember skriv NAV-kontora i Nome, Sauherad og Bø under på ein avtale om å slå saman kontora. Hovudkontoret skal ligge i Bø, mens Ulefoss får avdelingskontor og Sauherad ein kontorstad som kan brukast ved høve.

    NAV-skilt
    Foto: Pål Tegnander / NRK
  • Vil endre lov om erstatning

    Ap vil endre lova om valdsoffererstatning for å sikre at folk faktisk får pengane. I enkelte saker har Kontoret for valdsoffererstatning avslått å utbetale erstatning. Stortingsrepresentant for Telemark, Lene Vågslid, seier det er urimeleg.

    Lene Vågslid
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Ti avgangar på TimeEkspressen

    Frå 8. januar det blir ti avgangar i døgnet tur-retur Notodden–Oslo. Det stadfestar tilsette i TimeEkspressen Linje 1 til Telen. Trafikkleiar Torolf Kasin seier det blir ti avgangar mot seksten som det er i dag. I helgene blir det inga forandring.