Hopp til innhold

Kysten og fjellet vil merke uværet

Uværet fører til stengte fjellovergangar, og i fjellet og på kysten kan det blåse storm.

E134 over Haukelifjell

E134 over Haukelifjell er stengt. Biletet er henta frå vegvesenet sitt webkamera ved Haukelitunnelen.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Meterologen melder om kuling på kysten og storm i fjellet i Telemark.

Ekstremvarslet frå Meterologisk Institutt viser at det kan bli orkan både i Hordaland og Sogn og Fjordane, og det ser ut til å bli kraftigare vind enn dei varsla i går.

Les også: Frykter orkan: Ekstremværet «Nina» kan bli verre enn først antatt

To brøytebiler på E134 Haukelifjell

Brøytemannskapet på Haukelifjell er førebudd på mykje vind og snøføyke i helga.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Også kysten og fjellet i Telemark vil merke ekstremværet «Nina».

Over Boknafjorden nord for Stavanger er ferjesambandet Mortavika-Arsvågen på E39 innstilt.

Truleg blir det innstilt ut dagen, ifølge Fjord1. Innstilt er også sambandet Leirvåg-Sløvåg.

Stiv og sterk kuling

Indre Skagerrak kan få vestleg liten storm med vindstyrke 22 meter i sekundet med regn og regnbyger. Bølgehøgde mellom 3 og 6 meter. I kveld opphald og god sikt.

I Telemark blir det i dag vestleg kuling utsette stader, sterk kuling på kysten. Med lokale vindkast på omkring 30 meter i sekundet.

Stort sett opphaldsvêr.

Fjellet får storm

Bommen på rv 9 ved Bjåen

Statens vegvesene sitt webkamera ved Bjåen på rv 9.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

I fjellet aukar vinden til sørleg kuling på utsette stader, og det blir vestleg full storm i Langfjella.

Meterologen melder om snø og snøbyger. Og snøfokk i fjellet.

Riksveg 9 mellom Hovden er nå mellombels stengt på grunn av uværet.

Riksveg 7 over Hardangervidda er stengt og fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er mellombels stengt på grunn av uvær.

E134 over Haukelifjell er også nå mellombels stengt på grunn av uvær mellom Vågslidtunnelen og Liamyrane bom.

Hemsedal og Filefjell

Lørdag kveld meldar vegvesenet at det er kolonnekjøring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

E16 Filefjell og Rv 15 Strynefjellet er ope, men elles er dei store fjellovergangane øst-vest stengt.