Hopp til innhold

Færre dyr på Dyrskun i protest mot Listhaug

Det vil bli stilt ut færre kyr og geiter på Dyrsku'n i år i protest mot landbruksminister Sylvi Listhaug som hovudtalar.

Ottar Flatland

Ottar Flatland i Ku-klubben i Seljord har tatt initiativ til markeringa mot landbruksminister Sylvi Listhaug

Foto: NRK

Om lag halvparten av dei som stilte ut i fjor vil boikotte ku-utstillinga. Også geiteutstillinga blir redusert.

Det seier initiativtakar Ottar Flatland i kuklubben i Seljord.

– Vi har lagt vekt på at det ikkje skal ramme Dyrsku'n, slik at det skal bli utriveleg der, seier Flatland.

Her kan du lese meir:

Færre husdyr til bedømming

Difor er boikotten avgrensa til husdyra som skal mønstrast for bedømming på Dyrsku'n.

Ottar Flatland

Ottar Flatland er bonde i Seljord.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen

– Og her har vi hatt ganske god respons frå dei som skal stille ut. Så det blir vesentleg færre kyr og geiter som blir stilt ut i år.

– Trur du dette blir ei markering som Listhaug vil legge merke til?

– No er ikkje landbruksministeren kjent for verken å høyre på bøndene, eller ta noko særleg signal. Men visst ho vil sjå, så er det klart ho vil legge merke til dette, seier Flatland.

Kuklubben i Seljord har teke kontakt med dei som stilte ut husdyr på Dyrsku'n tidlegare år. Og blant dei har om lag halvparten gitt tilbakemelding om at dei ikkje vil stille ut husdyr i år.

– Men om det er nokon som vil stille med fleire husdyr for å kompensere for dette, har ikkje vi oversikt over, seier Flatland.

Vil ikkje ramme ungdomen

Initiativtakarane til boikotten ønskjer ikkje å ramme kalveutstillinga eller ungdomsmønstringa på Dyrsku'n. Og oppmodar bøndene til å stille ut husdyr her.

– Når det gjeld geiter er det gjerne barna som stiller ut, og dei vil vi gjerne skal vere der, seier Flatland.

Når det gjeld andre som stiller ut geiter, er oppmoding at dei skal redusere utstilte geiter til ein kvote på fem dyr.

– Men her veit eg at det berre er mønstra 18 geiter i år, seier Flatland.

Dyrskun

Protesten mot Sylvi Listhaug vil ikkje ramme ungdomen som stiller ut dyr på Dyrsku'n. Dette biletet er frå ei tidlegare husdyrutstilling.

Foto: Børre Karterudseter / NRK

Kan bli fleire markeringar

Om det blir andre markeringar mot landbruksminister Sylvi Listhaug på Dyrsku'n, er ikkje avklart.

Men Ottar Flatland seier han er blitt kontakta av bønder som ønskjer å markere ein protest på ein eller annan måte.

På Dyrsku'n i 2013 var det blant dyra som var til bedømming rundt 100 hestar, 24 kjøttfe, 48 mjølkekyr og 28 geiter, ifølgje Nationen.

I tillegg var det utstilling av så godt som alle husdyrslag.

Det var 31 som deltok på kalvemønstringa og 11 var med i ungdomsmønstringa.