NRK Meny
Normal

Kroken på døra for fiskemottak

LANGESUND (NRK): Dei nye reglane for fiskemottak er så strenge at det kan bety slutten for fleire små mottak her i landet. No jobbar Frp med å endre desse reglane.

Rolf Kristiansen

KROKEN PÅ DØRA: Skal Rolf Kristiansen følgje dei nye reglane til punkt og prikke betyr det at han må følgje denne lysningen gjennom heile bedrifta.

Foto: roald marker / nrk

Det er enno stille på mottaket hos Langesundfisk, men dagleg leier Rolf Kristiansen ventar fleire fangstar inn i løpet av dagen. Januar er nemleg rekesesong.

– Me tek nok inn om lag to tonn reker kvar dag no. Samstundes får me inn nokre hundre kilo fisk som også set seg fast i teinene, seier Kristiansen.

Fisken som kjem inn på mottaket, kan no verte årsaka til at det vert kroken på døra i Langesund og fleire andre stader langs kysten mot Skagerrak.

For høge kostnadar

Rolf Kristiansen

Rolf Kristiansen meiner ein vil bruke meir tid på køyring av fangst enn på sjølve fiskinga, med dei nye reglane.

Foto: Roald Marker / NRK

Nye reglar krev nemleg at all fisk som kjem inn på dei ulike fiskemottaka skal loggførast til minste detalj. Ein skal ikkje berre halde oversikt over kva type fisk som går inn og ut av huset, men også om fisken skal, seljast som ferskfisk, røykast, gå til fiskematproduksjon, etc.

– Det krevst jo eit årsverk om ein skal registrere all denne informasjonen til ei kvar tid. Det er ikkje økonomisk mogleg for oss, seier Kristiansen.

Om regelen ikkje vert mjukna opp seier Kristiansen at dei har bestemt seg for å leggje ned drifta.

– Eg kan ikkje svare for andre fiskemottak, men for vår del er det ikkje mogleg å drive mottaket med desse reglane, seier han.

15 av 17 fiskemottak på Søraust-kysten risikerer nedlegging på grunn av regelendringa hevdar mottaksbransjen. Det betyr at fiskebåtar som for eksempel fiskar langs kysten i Agder må reise heilt til Østfold for å levere fangsten sin.

Håpar på løysing

Bård Hoksrud, Frp

Frp-politikar Bård Hoksrud følger saka tett, og seier han håpar på ei løysing.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

I førre veke var det eit møte mellom fiskemottaka og fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

– Det kom gode innspel frå fiskenæringa på møtet. Eg veit at departementet jobbar med denne saka no og eg har diskutert den med fleire i fiskeridepartementet, seier partifelle Bård Hoksrud.

Han likar ikkje at så mange fiskemottak vert råka av regelen.

– Om det stemmer at 15 mottak må leggje ned som følgje av denne regelendringa, så er det heilt klart at eg håpar på ei løysing.

Kristiansen i Langesundfisk håpar også at regelen vert endra.

– Det hadde vore fint med ei vektgrense. Om ein for eksempel hadde sagt at mottak som får inn mindre enn 1200 tonn i året slapp denne detaljerte loggføringa, hadde mykje vore løyst, seier han.

Statssekretær Ronny Berg i Fiskeridepartementet seier i ein kommentar til NRK at de fekk klargjort fleire problemstillingar på møtet på Hvaler. Han seier også at de vurderer å opprette ein arbeidsgruppe for å sjå på problema. Berg håper at de kan løyse problema i løpet av kort tid.

  • Dieselvarmer ga brannutrykning

    Brannvesenet og politiet rykket ut etter melding om mulig bilbrann ved Down Town i Porsgrunn lørdag formiddag. Røyken som kom fra bilen viste seg å stamme fra bilens dieselvarmer.

  • Vant Gründeridol 2017

    Ungdomsbedriften Lamify UB fra Skien videregående skole vant Gründeridol 2017 i Telemark. 35 ungdomsbedrifter deltok i konkurransen om å ha de beste forretningsideene. Lampifys idé er å kombinere lampe og brannvarsler i ett produkt.

  • Buss på tog på Vestfoldbanen

    Passasjerer på Vestfoldbanen fraktes med buss mellom Drammen og Asker fra lørdag 18. november til mandag 4. desember. Årsaken er arbeid i Lieråstunnelen. Ifølge NSB må passasjerer forvente mer enn 30 minutter lengre reisetid i forhold til rutetabell.

  • Kvalifiserte seg til kvartfinale

    Torgeir Lid Byggland ble nummer ni i sprintprologen under sesongåpningen på Beitostølen. Ånund Lid Byggland 14. raskeste tid og Mikael Gunnulfsen ble nummer 28. De tre er klare for kvartfinalene. Utslagsrundene starter kl. 11.30.