NRK Meny
  • Vil bygge ut riksveg 36

    Statens vegvesen skal lage ein rapport med tanke på korleis riksveg 36 frå Porsgrunn til Seljord kan byggast ut.
    Porsgrunn, Skien, Nome, Sauherad, Bø og Seljord kommunar er inviterte med i arbeidet, skriv Varden.

  • Seljord leiger i Kviteseid

    Seljord kommune manglar sjukeheimsplassar, og i fjor leigde kommunen 435 døgnplassar i nabokommunen Kviteseid. Det er no trong for å bygge fleire sjukeheimsplassar, seier kommunalsjef Kari Gro Espeland til Vest-Telemark blad.

  • Nye rutinar skal hindre korrupsjon

    Verken Vinje eller Larvik kommunar har undersøkt om ein tidlegare byggesakshandsamar har gjort sakshandsamingsfeil. Mannen blir etterforska for korrupsjon i begge kommunane. I ettertid har både Vinje og Larvik innført nye rutinar for å hindre korrupsjon.

  • Nissedal: Ni av ti fullfører

    Ni av ti ungdomsskuleelevar i Nissedal fullfører vidaregåande skule. Det syner ei masteoppgåve rektor ved Tveit skule har skrive. På landsbasis fullfører sju av ti vidaregåande.