Hopp til innhold

– Viss ikkje Norge har råd til OL - har ingen det

Bronsevinnar Magnus Krog er mest skuffa over IOC. Han meiner politikarane som sa nei har peiling på økonomi.

Magnus Krog

Bronsevinnar frå OL i Sotsji, Magnus Krog, er skuffa over at det ikkje blir OL på heimebane, men respekterer avgjerda.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Kombinertløparen Magnus Krog frå Høydalsmo fortel at han hadde mange gode minner frå OL i Sotsji, og er glad han fekk oppleve det.

– Eg er for eit OL, så eg er skuffa. Eg hadde håpa vi kunne få det til i Norge. Men her i landet er det jo folket som bestemmer, og det har gått meir og meir i retning nei, seier Krog.

Les også:

Krog seier at han og lagkameratane hans på kombinertlandslaget har respekt for den avgjerda som er tatt.

– Men vi er nok mest skuffa på IOC sin vegner, enn på politikarane i Norge. For vi trur dei har god nok peiling på økonomi til å skjønne at det blir for dyrt. Og viss ikkje Norge tek seg råd til OL, så er det vel eigentleg ingen andre som burde tatt seg råd heller, seier Krog.

Les også:

Trur IOC vil endre krav

Sondre Fjelldalen

Sondre Fjelldalen i Telemark Idrettsskrins.

Foto: Lars Hansen / NRK

Sondre Fjelldalen i Telemark Idrettskrets trur avgjerda om å seie nei til OL i Oslo i 2022 vil føre til at IOC modererer sine krav.

– Det har kome tydelege signal frå fleire nasjonar om at IOC må endre kurs, seier Fjelldalen.

Fjelldalen seier at det var uventa at saka blei stoppa før regjeringa fekk høve til å handsame søknaden.

– Dei reaksjonane som har kome frå Norge og andre land som har trekt seg vil føre til endringar i IOC og dei krava dei stiller, seier Fjelldalen.

Les også:

Store kostnader med OL

Stortingsrepresentant frå Høgre i Telemark, Solveig Sundbø Abrahamsen frå Seljord, var med på møte i Høgre si stortingsgruppe der det blei gjort vedtak om å seie nei til Oslo-OL 2022.

Solveig Sundbø Abrahamsen

Solveig Sundbø Abrahamsen i Telemark Høgre.

Foto: Høyre

– Eg har vore skeptisk og enda på eit nei standpunkt til OL-søknaden. Så eg synest det var eit rett råd som stortingsgruppa kom fram til, seier Sundbø Abrahamsen.

Ho legg vekt på dei store kostnadene ved å arrangere eit OL, i tillegg har regjeringa teke på seg store oppgåver når det gjeld skule, helse og samferdsel og difor meiner Sundbø Abrahamsen at tidspunktet for eit OL i Noreg er feil.

– Dessutan er det mykje usikkert omkring krava til IOC, og då særleg det økonomiske som gjeld skatt og avgifter.

Sundbø Abrahamsen er også redd for at ei nytt OL vil gå ut over breiddeidretten og bygging av anlegg over heile landet som det er eit skrikande behov for.

– Eg er også kritisk til prosessen som førte fram til Oslo 2022. Den synest eg har vore dårleg forankra av idretten sjølv, seier Sundbø Abrahamsen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark