NRK Meny

Kritiske til kunstig øy

Forsikringsbransjen er sterkt kritisk til planane om å bygge bustader på ei kunstig øy i elva i Porsgrunn. Med stadig oftare ekstremvær og flaum, bør kommunar nå som oftast si nei til bygging langs vatn, seier Informasjonsdirektør Jon Berge i IF Skadeforsikring. Forsikringsselskapa kan komme til å nekte å fullverdiforsikre bygg som ligg flaumutsett til.