NRK Meny
Normal

Kritisk til støtteordningane for gründarar

SKIEN (NRK): Ein nyetablert gründer meiner det er alt for vanskeleg å få pengestøtte til gode prosjekt her i landet. Han får støtte frå NHO, som no ber næringsministeren sjå nærmare på finansieringsordningane.

Svein Gunnar Mæland

DRAUMEN: I sju år har gründer Svein Gunnar Mæland jobba med ein vaskehall for fly, som også fjernar is. No skal denne modellen byggjast i full skala.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Hadde eg visst på førehand kor vanskeleg denne vegen faktisk ville vere, så trur eg faktisk ikkje eg hadde gjort det igjen, seier gründer Svein Gunnar Mæland.

Han kikkar utover ein miniatyrmodell av ein vaskemaskin for fly. Eit prosjekt han har jobba med i sju år. No skal endeleg prosjektet realiserast i full skala, etter at prosjektet fekk 24 millionar kroner i pengestøtte frå EU.

Eg forstår at det offentlege kan sjå ut som eit troll med fleire hovud.

Næringsminister Monica Mæland

For Mæland markerer desse pengane eit gjennombrot for at vaskemaskina ein dag skal verte realitet. Vegen dit har vore lang og tøff, og han føler det har vore vanskeleg å få nok hjelp frå finansieringsordningane i Noreg.

– Det er eit veldig uoversiktleg system i ein jungel av støtteordningar, og det verkar også som om det er dårleg kommunikasjon mellom dei ulike instansane, seier Mæland.

Svein Gunnar Mæland

TUNGT: Gründer Svein Gunnar Mæland seier vegen fram mot realisering av prosjektet har vore lang.

Foto: Lar Tore Endresen / NRK

Vil ha betre system

Mæland får støtte frå Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Dei opplever også at gründarar slit med å få støtte frå dei offentlege ordningane. No vil dei ha næringsministeren på bana.

Rune Foshaug

VEIL HA GJENNOMGANG: Avdelingsdirektør i NHO, Rune Foshaug, meiner dei offentlege støtteordningane kan verte betre.

Foto: Ola Hana / NRK

– Det er viktig å sjå at heile systemet fungerer. Slik at det er like enkelt å få hjelp i alle fasar av eit prosjekt, seier avdelingsdirektør i NHO, Rune Foshaug.

Han trur også at dei ulike finansieringsordningane hadde hatt godt av å verte meir oversiktlege.

– Det hadde vore ein fordel å ha ein felles inngangsportal til alle ordningane, slik at det vert lettare å finne fram for dei som ønsker støtte til prosjekt, seier Foshaug.

Trollet med fleire hovud

– Eg kan forstå at fleire gründarar ser på det offentlege finansieringssystemet som eit troll med fleire hovud, seier næringsminister Monica Mæland.

Monica Mæland

BETRE NO: Næringsminister Monica Mæland forstår at det kan vere vanskeleg å navigere i dei offentlege støtteordningane, men at det har vorte betre med åra.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Ho meiner likevel at forholda har vorte betre dei siste åra.

– Dette er noko me har hatt fokus på lenge, og Innovasjon Norge har no fleire tenester for gründerar samla på sine nettstader, seier ministeren.

– NHO etterlyser ein gjennomgang av systema. Kjem de til å gjere det?

– Det er ikkje så lenge sidan me hadde ein gjennomgang, og da fekk me litt blanda tilbakemeldingar, men me held også auge med dette heile tida, seier ho.

  • Kritisk til å dele celle

    Ingeborg Kivle i Telemark fengsels- og friomsorgsforbund er kritisk til ordninga med fleire fangar på same celle. Det er fengselsstyresmaktene som seier at enkelte må dele celle i ein periode. Kivle meiner at ei ordning svekker tryggleiken.

    Ingeborg Kivle
    Foto: Anna Lognvik / NRK
  • Trafikkulukke i Bø

    Ein person er lettare skadd etter ei utforkøyring på Folkestadvegen i Bø. Fylkesveg 152 er delvis stengd på ulukkesstaden.

  • Mykje snø – liten flaumfare

    Sjølv om det er 20 prosent meir snø enn normalt rundt Tinnsjøen og Møsvatn, er det liten fare for flaum til våren. Det seier direktør i Øst-Telemarkens Brukseierforening, Nikolai Østhus. Flaumfaren aukar dersom det kjem mykje nedbør når snøen smeltar.

  • Fem vil ha rådmann-jobb

    Sæhænd Bazmi-Rasekh (28), Arve Semb Christophersen (57) og Ragnar Sundklakk (56) er tre av søkerne til stillingen som prosjektleder i den nye fylkeskommunen, senere fylkesrådmann i Vestfold og Telemark fylkeskommune. To navn er unntatt offentlighet, melder fylkeskommunen på nettsidene sine.