Hopp til innhold

Kritisk til kvinnesatsinga i eliteserieklubbane

SKIEN/SANDEFJORD (NRK): Seks av 16 klubbar i Eliteserien har ikkje noko tilbod for kvinner i det heile teke. – Heilt på trynet, meiner idrettsforskar.

Kvinnefotball

LANGVARIG DEBATT: Ulikskapen mellom kvinnene og herrane i fotball er stadig eit tema.

Foto: Digitalsport / Anders Hoven, Digitalsport

På Odd stadion trenar eliteserielaget til klubben med høg intensitet, men det er ingen kvinnelege spelarar å sjå i mils omkrins. Skal me tru dagleg leiar i klubben, Einar Håndlykken, vert det heller ikkje noko kvinnelag i Odd med det fyrste.

Han peiker på at det er sterke kvinnelege fotballmiljø i klubbane rundt Odd.

– Difor er det ikkje ei sjølvfølge at ein skal ha elitesatsing for kvinner i Odd, seier Håndlykken.

Einar Håndlykken

EIN AV SEKS: Odd er ein av seks klubbar som ikkje har tilbod til kvinner. I 2018 vil dei starte med barnefotball for jenter, seier dagleg leiar i Odd, Einar Håndlykken.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Dei orda likar ikkje Gerd von der Lippe, som er professor i idrettssosiologi ved Høgskulen i Søraust-Noreg.

– Det er heilt på trynet. Me lever trass alt i året 2018.

Von der Lippe har via livet sitt til idretten. Fyrst som friidrettsutøvar, og seinare som forskar. Ho er kanskje mest kjend for å ha stilt til start i Holmenkollstafetten under falsk namn i 1972. Den gongen fekk ikkje kvinner springe stafetten.

Sidan den gong har ho sett fleire betringar innanfor kvinneidretten, men meiner at dette er eit eksempel på at det framleis er ein veg å gå. Ho håpar no at eliteserieklubbar, som Odd, startar med kvinnesatsing.

– Det er viktig at dei satsar på kvinnene, nettopp fordi dei er så gode på herresida, seier von der Lippe.

Gerd von der Lippe

HÅPER PÅ BETRING: Professor i idrettssosiologi ved Høgskulen i Søraust Noreg, Gerd von der Lippe, håper fleire eliteserieklubbar vil gjere som Sandefjord.

Foto: Martin Torstveit / NRk

Samla breiddefotballen

I Sandefjord har dei vald litt annleis. Her har breiddeklubbane i fylket gått saman for å etablere ei kvinnesatsing i eliteserieklubben Sandefjord.

– Kvinnene fortener også å verte satsa på, på lik line som herrane, seier administrerande leiar for Sandefjord sitt kvinnelag, Lasse Saga.

Satsinga vart starta i 2016, og har sidan den gong berre vore ein stor opptur. Både for økonomien i klubben, og det sosiale miljøet. Spelarane tykkjer også det er stor stas.

– Det er moro å spele her, og det får mykje merksemd, seier Emilie Nøkleby Finnevolden, som er spelar på laget.

Lasse Saga

OPPTUR: Administrerande leiar for kvinnelaget i Sandefjord, Lasse Saga, ser berre positive effektar av eit kvinnelag i klubben.

Foto: Robert Hansen / NRK

Gamle argument

Sjølv om Odd ikkje startar med elitesatsing for kvinner, har klubben vedteke å starte med barnefotball for jenter i løpet av 2018. Håndlykken seier at dei likevel må få fleire fotballbanar på plass før dei kan satse på jentene for fullt.

– Me har ikkje banekapasitet til ei full jentesatsing i dag, seier Håndlykken.

Gerd von der Lippe ler hånleg av Håndlykken sitt problem.

– Dette er eit gammalt argument frå 30-talet. Vil ein noko, så får ein det til.

Håndlykken svarar med at dei ikkje vil gjeve eit dårlegare tilbod til laga dei allereie har i klubben. Han vil heller ikkje gjeve eit dårlegare tilbod til dei nye jentelaga.

– Når med byrjar med jentefotball, ønsker me å kunne gjeve dei eit like godt tilbod som gutane.

Ingrid Ellingsen og Gerd von der Lippe

SPRANG I HOLMENKOLLEN: Gerd von der Lippe (t.h) sprang Holmenkollstafetten under falskt namn, saman med Ingrid Ellingsen (t.v.).

Foto: Privat

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark