SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Det er avdekka ei rekke grove tilhøve i samband med konkursen i Seljord Lys i 2003. Det sa bustyrar Tom Hugo Ottesen til Telemarksendinga i januar.
No tek styret i det konkursråka selskapet til motmæle, og skuldar bustyret for å drive heksejakt på dei tidlegare styremedlemene i Seljord Lys.
Overførte pengar, meiner bustyret
Utgangspunktet for konflikten er eit trugsmål frå bustyret om å reise sak med krav om erstatning mot styremelemene i Seljord Lys, og det nær tilknytte salselskapet Seljord Trade.
Bustyret meiner at Seljord Lys i tida før konkursen overførte urimelg store pengesummar til salselskapet, og no krev bustyret at Seljord Trade betaler tilbake fleire millionar kroner.
Forliksråd tysdag
Dersom partane ikkje blir samde i Seljord forliksråd tysdag i neste veke, har bustyret varsla personleg erstatningskrav mot styremedlemene i selskapa.
Det er dette styreleiar Henrik Mæland i Seljord Lys karakteriserer som heksejakt. I eit brev Telemarksendinga har fått tilgang til skuldar styreleiaren bustyret for ikkje å granske Gjensidige NOR Forsikring si rolle i konkursen. Mæland skriv at Seljord Lys gjekk konkurs etter at Gjensidige NOR Forsikring braut ein forsikringsavtale med selskapet.
Henrik Mæland vil ikkje kommentere brevet på oppmoding frå NRK, avdi bustyret har varsla eit mogeleg erstatningskrav mot han. Bustyrar Tom Hugo Ottesen var ikkje tilgjengleg for kommentar.