Kranglar om aure i Seljord

Grunneigarlaget i Seljordsvatnet meiner at Skagerak Energi bryt konsesjonsvilkåra, og at storaurestamma i vatnet er truga. Auren slepp ikkje opp i Vallaråi for å gryte, seier grunneigar Svein Haugen til TA. Skagerak Energi meiner at den aktuelle delen av elva er ein del av Seljordsvatnet, og at selskapet ikkje har ansvar for området.