SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Kragerø ligg framleis på topp når det gjeld talet på arbeidsledige i Telemark.
Målsettinga er å skaffe minst 200 nye arbeidsplassar dei neste to-tre åra, seier rådmann Ole Magnus Stensrud i Kragerø.
Har kompetanse
- Vi har ein del kompetanse innan industri, og ønskjer å bygge vidare på det, seier han.
Her meiner han at Kragerø også har lukkast ein del med etablering av småindustri, men at dei manglar pengar til eit næringsapparat som kan hjelpe folk i gang.
I Kragerø er kvar femte innbyggar i arbeidsfør alder er utan jobb.
For å få ei sterkare satsing på næringsarbeidet har Kragerø bedt fylkeskommunen om nærare 10 millionar kroner.
Har ingen pengar
Dette er også Kragerø sin inngangsbillett for å vere med i Vekst i Grenland.
I tillegg ber kommunen om pengar til å dekke lønn for ein næringskonsulent i tre år.
- Kragerø har sjølv ingen pengar på konto til denne type satsing, seier rådmannen.
- Vi har gode planer, men mangler ressurser til å gjennomføre dei, seier Stensrud.
Dei siste åra har det vore fleire delegasjoner frå kyst-kommunen til Oslo for å be regjeringa om hjelp, uten at det har gjeve dei heilt store utteljingane.
Frustrert over forskjellsbehandling
Leiinga i Kragerø ba tidlegare i år kommunalminister Erna Solberg om hjelp, men fekk til svar at statleg støtte gjennom Innovasjon Norge først kan bli vurdert i 2006.
Rådmann Ole Magnus Stensrud er frustrert over at forskjellsbehandlinga.
Når 400 arbeidsplassar forsvinn på tre stader på Vestlandet så kjem stortingspolitikarane straks og lovar støtte.
- Men når 250 arbeidsplassar forsvinn i Kragerø får vi bare beskjed om å vente til 2006, seier Stensrud.